Biskopens juleandakt

Publisert:

Biskopens juleandakt

Preses Olav Fykse Tveit

Jula og dyra

Har dyra ein plass i julefeiringa vår? Jula skal vere fin for dei også. Det har vore ein tradisjon med å gi fuglar eit kornband og husdyra noko ekstra mat til jul. Men er dyra viktige for jula også?

I år markerer vi at det er 800 år sidan Frans av Assisi døydde. Han er ein av dei mest kjende helgenar og personar i kristendomens historie. Han var ikkje ein lærd teolog, men eit menneske som både inspirerte og utfordra i si samtid og gjer det frmaleis. Noko av det han er kjend for, er hans nære forhold til naturen, til og med til dyra. Eitt av dei mest kjende maleria av han, er då han talar til fuglane.

Frans har sett sitt preg på mykje av vår kristne kultur og verdiar, faktisk også julefeiringa vår. Det var han som starta tradisjonen med å lage «julekrybber». For Frans handla vår tru på Gud om noko som er konkret og jordnært. Så det er ikkje så underleg at han ville ha konkrete framstillingar av Jesu fødsel med figurar av Jesus, Maria, Josef, hyrdingar og vismenn i ein stall. Dei vart gjerne lagde med modellar i full storleik. Ikkje nok med det, han tok også dyra med inn. Han skal til og med ha tatt med eit levande esel inn i kyrkja der dette skulle visast fram i «the nativity scene», som dei seier på engelsk.

Dyra har ein endå meir sentral plass i jula enn vi ofte tenkjer over. Det gjeld ikkje berre å gi litt ekstra mat til dei. Dyra har ein plass midt i den kristne julebodskapen. I dei fleste julespel er det nokon som skal vere sau. Ein eller to skal vere eselet som Maria sat på, trøytt og sliten på veg til Betlehem. Det er viktigare roller enn mange synest når dei får den. Dyra er meir enn ei kulisse. Det står jo faktisk om sauene i juleevangeliet som vi les: Gjetarane, saman med flokken sin, var ute på marka og fekk høyre den glade bodskapen frå englane, før alle andre.

Jesusbarnet vart lagd i ei krybbe, eit matfat for dyr, noko som oftast har blitt oppfatta som at han vart fødd der det var dyr, altså ein stad der  dei kombinerte bustad og fjøs. Enten i ei hule, slik ein kan sjå det i eit museum i Nasaret, eller i eit hus, med fleire rom, men som hang saman, for å dele varmen. Slik var det også i tidlegare tider her til lands.

Dette er vorte eit viktig motiv i mange julesongar. Vi kan sjå det for oss: «Og okse der og asen stod, og så den Gud og Herre god. Halleluja!» syng vi rundt juletreet, dersom vi tar fleire rundar og syng alle versa på «Et barn er født i Betlehem» (Norsk Salmebok – NOS – nr.27).

Eller som Alf Prøysen skriv i Julekveldsvisa: «Og gjetergutta der omkring dom kute tel og frå og bar med seg små lamonger som gutten sku’ få sjå.»  Det er vakkert, og livsnært, og varmt. (NOS 64)

Men Prøysen går endå lenger: Han skriv at stjerna laga «ei bru imilla seg og himmel’n og ei krubbe og ei ku». Då er det ikkje berre skildring av eit tablå der i stallen, men også ei tolkning av kva juleevangeliet handlar om for oss alle.  Ja, for det ligg meir i «ku» her enn at det berre skal rime på «bru». Prøysen fangar opp at det som har skjedd har noko med heile skapningen å gjere. Det med vårt forhold til «himmel’n», til Gud som skapar av alt og alle, å gjere.

I ein ny julesalme som også er med i Salmeboka, skildrar min ven Arnfinn Haram stemninga om natta der i stallen. Han skreiv om det «djupaste mørker», og det som skjer i stallen som ein del av ei djupare meining: «Angen av høyet, bittter og yr, pusten av trøytte, nattvarme dyr, vinden som kviskrar,  alt andar ut: No er han komen! Her er vår Gud!» (NOS 90) Mørket er der menneske og dyr er saman, og der er også Gud! Dette er meir enn staffasje.

Frans av Assisi skreiv ein salme som er kalla «Solsongen» (NOS 290). Den viser korleis vi er søsken med alt som lever, og med alt som gjer at vi kan leve: Sola, månen, vatnet, vinden, og jorda der noko veks. Og ikkje minst er vi søsken med alle dei som elskar og viser oss Guds kjærleik.    

Jula er ei feiring av at Gud vil berge oss og sin skapning, ved at Jesus vert født som eit menneske midt i blant oss, på vår jord, i den verkelege verda. Kanskje må dyra meir fram for at vi skal sjå og hugse akkurat det?

Vi kan vende oss til Gud som vi vender oss mot sola, som kjelda til liv. Alt liv, planter og dyr, vender seg mot sola. Og Gud vender seg til oss, menneska. «Nåde» kallar Bibelen det. Eller som Frans avsluttar Solsongen: «Syng, hav og jord! Vi priser Gud i samstemt kor: Du er så rik! Du ser oss nå, du bøyer deg mot alle små.»

Velsigna jul i Nidaros!  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"