Overgrep og grensekrenkingar

Overgrep og grensekrenkande atferd skjer, men det skal ikkje skje...

Bjørgvin bispedøme har beredskap for kva kyrkja lokalt og på bispedømenivå skal gjera når det kjem melding om seksuelle overgrep.

Det er nulltoleranse for vold og seksuelle krenkingar i Den norske kyrkja.

Bjørgvin bispedøme arbeider difor stadig med å forhindre at slike handlingar skjer hos oss. Om eit overgrep skjer, har vi rutinar for å avdekke og melde ifrå.

Ressurssenteret VAKE
Lurer du på om du er utsett? Er du bekymra for nokon? Har du eller nokon du veit om opplevd seksuelle overgrep eller grensekrenkingar frå ein tilsett eller frivillig medarbeidar i kyrkjeleg samanheng? Treng du å tenkje høgt om korleis du kan handtere ei sak? Hos ressurssenteret VAKE (tidlegare Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep) er det låg terskel for å ta kontakt. VAKE har god kompetanse på overgrepsproblematikk, og dette er også ein møte- og samtalestad for kvinner og menn som har vore utsett for seksuelle overgrep eller grensekrenkingar. I tillegg er VAKE ein kompetansestad for Den norske kyrkja.

Nasjonal vegleiingsordning
VAKE  har i samarbeid med Den norske kyrkja etablert ei nasjonal vegleiingsordning beståande av eit vegleiingsteam. Vegleiingsordninga kan nyttast til å vurdere situasjonen og avklare handlingsalternativ for den utsette og for arbeidsgjevar, eller til å følgje opp den utsette gjennom handteringa av saka og bistå arbeidsgjevar i å ta vare på den utsette på best mogleg måte. Ved spørsmål, i handteringssaker og ved bekymring, kan ein kontakte det nasjonale vegleiingsteamet direkte. Arbeidsgjevarar vert oppmoda til å kontakte ressurssenteret sitt sekretariat eller nytta kontaktskjema framfor å kontakte vegleiingsteamet direkte. 



Kontaktinfo:
Telefon: 23 22 79 30, E-post
ADAM (tilbod for menn)


Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"