Årsrapport for Bjørgvin - Auka aktivitet i 2022

I kyrkjene i Bjørgvin vart 2022 eit år prega av at aktiviteten er på veg oppover på alle felt etter nedsteninga. Diakonien blomstrar. Diakonale tilbod har vore mindre prega av nedstenging i 2020 og 2021 og det var faktisk fleire diakonale tilbod i 2022 enn i 2019.

Halvor Nordhaug avslutta i 2022 si teneste som biskop i Bjørgvin. Biletet frå prostibesøk i Foldnes kyrkje, Vesthordland prosti, pregar også framsida av årsrapporten. Foto: Tore Skjæveland.

Det vart også døypt mange i kyrkjene i Bjørgvin i 2022. Talet på dåpshandlingar er høgare enn i 2019, det siste året før pandemien. For andre handlingar og aktivitetar i kyrkja, viser tala at også kyrkja har eit stykke att før ein opplever same nivå på aktivitet og deltaking som før pandemien. Her har kyrkja ei utfordring som er felles med andre aktørar i samfunnet. 

Julaftan med plass til fleire

I årsrapporten har Bjørgvin bispedøme denne gongen sett særleg på oppmøtet julaftan, sidan dette vanlegvis er ein dag med stort kyrkjebesøk. Det var ein stor auke på 220% frå 2021, men også denne dagen er påverka av pandemien,  for det kom ikkje fullt så mange som i 2019. Om det er fleire som er usikre på å vera samla med mange andre, eller om ein har vent seg av med gamle tradisjonar om å gå i kyrkja julaftan, er vanskeleg å slå fast før ein ser korleis besøket blir dei komande åra.

Dåp utan stress

- Det er gledeleg at tal rundt dåp, konfirmasjon og vigsle er positive. Talet på kor mange som vel kyrkjeleg gravferd er ganske stabilt. Dette er indikatorar som samla gjev grunnlag for å tenke at kyrkja står sterkt i Bjørgvin, meiner leiinga i bispedømet.

Drop-in-dåp har blitt prøvd ut fleire stader, blant anna på Tysnes der dei kalla det «dåp utan stress» og hadde 9 born og unge til dåp. Fleire kyrkjelydar held fram med å strøyma gudstenester som under pandemien og når like mange med gudstenesta på skjerm som i kyrkja, utan at det kjem færre til kyrkja.

- Medlemsundersøkinga som sist vart gjennomført i 2021 understrekar at medlemmane i stort er nøgd med kyrkja si, og med dei tenestene dei får i ulike møtepunkt, står det i årsrapporten som no er tilgjengeleg med tal frå Statistisk sentralbyrå, skriv bispedømet.

I årsrapporten kan ein også lesa om Bjørgvin si satsing på konfirmantar, der eit team av unge reiser rundt til samlingar av konfirmantar for å ha ei storsamling som varer ein heil dag. Eit anna samarbeidsprosjekt mellom bispedømet og kyrkjelydar, er satsinga på unge vaksne i St. Jakob kirke i Bergen, som no er i god vekst etter trufast innsats gjennom 10 år. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"