– Bjørgvin bispedømeråd hadde årsrapporten til handsaming i sitt møte 5. mai og ønskjer å retta ein stor takk til alle medarbeidarar, både lønna og ulønna. Det er lagt ned ein stor innsats som viser att i dei goda tala i årsrapporten. Medarbeidarane som gjer sitt til å byggja varme fellesskap i våre lokalsamfunn, fortener stor takk, seier bispedømerådsleiar Dag Sele.
Fleire kjem til kyrkja
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at sjølv om det blir feira nokon færre gudstenester i kyrkjene, har det totale deltakartalet gått opp med 3,7 %. Folk søkjer i aukande grad mot fellesskapet. I 2025 var det totalt 626 729 deltakarar på gudstenester i bispedømet. Samstundes gjekk det totale talet på gudstenester ned med 1,3 %. Gjennomsnitt deltakarar per gudsteneste har stige frå 82 til 86 personar.
Oppgang for dåp og vigsel
Statistikken for kyrkjelege handlingar viser òg oppgang. Talet på dåpshandlingar steig med 4,3 % til 4 067 i 2025. Kyrkjelege vigsler hadde ein auke på 8,4 %, med totalt 902 vigsler. 4 870 ungdommar vart konfirmerte i kyrkja, ein auke på 1,4 % frå året før. I høve til 15-åringar i kullet, var det også auke i delen konfirmerte, både blant medlemene og totalt.
Talet på gravlagde i høve til tal på døde og talet på medlemer går litt ned. 84,9 % av alle døde blir gravlagde med kyrkjeleg gravferd, det same gjeld 95,8 % av medlemene.
Høg medlemsprosent og stor frivillig innsats
Bjørgvin er framleis eit kjerneområde for kyrkja med ein medlemsprosent på 67,6 %, noko som er godt over landssnittet på 60,9 %. Den frivillige innsatsen er stabil med totalt 11 494 registrerte frivillige i 2025. Dette er ein auke på 1,6 % frå året før. Innan kulturfeltet samla konsertar og arrangement i kyrkjene over 200 000 deltakarar.
Rekruttering
Stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit skriv i årsrapporten at 2025 vart prega av rekrutteringsutfordingar med ledige prestestillingar og strammare økonomiske rammer, i tillegg at administrasjonen på bispedømekontoret måtte redusera talet på stillingar, slik det også var i det sentrale Kyrkjerådet i Oslo og alle dei andre bispedøma.
– Vi ser ei svak betring i talet på søkjarar til prestestillingar. Det er blant anna fleire unge som søkjer mot kyrkjeleg utdanning, og vi er oppløfta over å ha tilsett relativt mange unge søkjarar i 2025. I nokon grad kan ein sjå dette i samanheng med den langsiktige satsinga på ungdom i kyrkja, seier stiftsdirektøren.
Årsrapporten finn du lenke til nedanfor.
