Vi treng bots- og bønedagen!

Biskopen møtte tilsette i Bergensdalen prosti i Sælen kyrkje 25. oktober 2023. På gudstenesta etterpå tala Biskop Ragnhild Jepsen om bots- og bønedagen. Her kan du lese talen hennar.

- Vi treng erkjenninga over å leve i ei tid der vår største kollektive synd kanskje vil stå att etter oss som denne:  At vi trudde vi kunne greie oss utan Gud.  At vi let oss sjølve vere sentrum og rettesnor for livet, seier biskopen i denne preika.  Foto: Bo Mathisen / Den norske kyrkja

Luk 13, 22-30:

Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste.
    Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei:  «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»

Eg trur vi treng ein slik dag som vi skal ha i kyrkjene våre søndag som kjem. Denne dagen som alltid kjem i ein mørk oktober. Ein dag, slik namnet seier, for bot og bøn. 
Eg trur vi treng å la erkjenninga få rom i våre liv; i vår kyrkje, i vårt samfunn. 
Vi treng erkjenninga over å leve i ei tid der vår største kollektive synd kanskje vil stå att etter oss som denne: 
At vi trudde vi kunne greie oss utan Gud. 
At vi let oss sjølve vere sentrum og rettesnor for livet.
 
Det handlar om sinnelaget vårt, om å erkjenne at vi, tilsikta eller utilsikta, gjer urett mot kvarandre og mot Gud. 
Vi stengjer kvarandre ute, og vi kan risikere sjølve å bli stengt ute. 
Det er uvant for oss å høyre slike tekstar som vi har lest: Om å døme og bli dømt. Om å bli stengt ute frå fellesskapet ein var sikkert på å vere innlema i.
Vi likar ikkje så godt å bruke ordet synd i vår tid. Det har blitt eit ord vi forbind med moralisme og svartsynt kristendom. 
Så vi legg det helst vekk. 

Å vedkjenne at synd er ein realitet, vil for mange av oss vere å innrømme at det er noko i vårt tilvere og i våre liv som vi ikkje har kontroll over, noko vi ikkje kan intendere eller vil legge ut på facebook som vår sist tilegna fritidsinteresse. 
Synd er noko som ikkje høver inn i vår moderne livsførsel der vi vil ha kontroll og helst sjølv iscenesette våre liv – designe det slik vi ynskjer at dei skal vere – og slik vi ynskjer verda omkring oss skal sjå det. 

Religionssosioligen Pål Repstad har sagt at det i Noreg i dag går føre seg ei tyngdeforskyving av vårt religiøse liv: 
Frå hjerne til hjarte. Frå dogmer til sansar. Frå forsaking til feelgood. 
Vi er i ferd med å få ei estetisering av religionen, forstått som det som skaper kjensler. For det er det vi søkjer i vårt religiøse liv, kanskje like mykje som i vårt sosiale liv: å bli berørt, kjenslemessig. 
Visst har det vel alltid vore slik at religion har appellert til sansane. Tenk på songen i kyrkjene til alle tider; lukta av røykjelse; hjartebanken ved å vere ved ein heilagstad. 
Men stans også opp og tenk på kva for rom autoritetane har i ditt liv i dag; som eit absolutt; noko som ikkje kan stillast spørsmålsteikn ved. Noko som er udiskutabel sanning. 
Er det mykje? Er det noko i det heile tatt? 

Eg målar med den store kollektive penselen når eg seier dette: 
Synd er ikkje lenger ein storleik vi kan rekne med å få forståing for i samfunnet viss vi bruker det om begrep for noko som bør kjempast mot eller talast om. 
Eg tenkjer ikkje først og fremst på konkrete spørsmål, om dans eller kortspel, dei tradisjonelle begrepa vi har brukt det om. 
Eg tenkjer på det store ordet Synd: 
At vi med våre liv er i ein konstant spenning mellom det vonde og det gode, mellom gud og djevel, mellom krefter som vil liv og krefter som vil død. 
Og at sjølv om vi ønskjer og trur at vi kan rå over denne spenninga, er den eit grunnvilkår for våre liv på jorda; - frå den augneblinken synda kom inn i verda; då djevelen med sin list fekk oss til å tru oss likeverdige med Gud. 
Om vi aldri så mykje skulle ynskje at synda ikkje var der, kjem vi likevel heile tida i berøring med den. 

Det har følgjer for korleis vi lever med kvarandre, korleis vi forheld oss til skaparverket, korleis vi tenker om oss sjølv og om vårt Gudsforhold.  
Det er dette bots- og bønedagen minner oss om – og eg trur vi treng denne dagen for å minne oss om å tale sant om menneskelivet og om Gud. 

Er bots- og bønedagen streng eller nådefull?
På dette spørsmålet må vi svare med Evangeliet. 
For Jesu ord i evangelia er både strenge og nådefulle. Dei set krav, og dei frelsar. Dei stengjer ute, og dei lukkar inn. Dei appellerer både til hjernen og til hjartet.
Jesus blir spurt om det er få som blir frelst. Og svaret gjer inntrykk. For Jesus fortel om eit gjestebod der det står menneske utanfor huset som har sett seg sjølv innanfor, men når verten stengjer døra, er det ikkje plass for dei rundt bordet. 

Paulus, som var ein utleggar av Jesu evangelium, veit noko om dette. Han seier: Når du dømer andre, har du allereie dømt deg sjølv. Og den som dømer seg sjølv, har også dømt Gud – har sett Gud i den same stillinga som seg sjølv; har gjort seg lik som Gud.
Men Gud er ikkje ein av oss. Gud er pottemakaren som skaper av ein leirklump, og som kan endre, fornye og rette opp det som vart mislykka; det som skuffa. Og dette er Evangeliet: Nåden som rettar opp. Kjærleiken som fornyar. 
Jesus som tilgjev.

Vi treng denne dagen. For vi har mykje å svare for når vi har sett oss sjølve i Guds stad. Enno kan det vere at vi ikkje er så modige at vi greier å setje ord på det i våre liv som ikkje er slik det skal vere; det vi veit vi gjer vondt mot andre; der vi aner at vi skader oss sjølve, og der vi prøver å erstatte Gud.

Erkjenninga kan vere krevjande å uttrykke, ja, før det; endåtil tenke. 
I dag er vi igjen innbedne til å gå det første steget på vegen – å skjøne det med vår forstand, og etter kvart forstå det med vårt hjarte. Til å artikulere det første ”Gud, ver meg syndar nådig”.

Bots- og bønedagen er ein dag for den inderlege bøna, men like mykje er den dagen for den kollektive, tidlause bøna  og den store nåden:

Heilage Gud. Heilage sterke Gud. Heilage udødelige Gud, miskunna deg over oss. 

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, vår Skapar, Frigjerar og Livgjevar, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"