Bispedømerådet vil ha vennskapssamarbeid med kyrkja på Cuba

Bjørgvin bispedømeråd vil ha vennskapssamarbeid med den lutherske kyrkja på Cuba. Det vart klart etter møte i bispedømerådet 1. juni. I dette møtet tilsette bispedømerådet også prestar i Sælen, Biskopshavn, Bergen fengsel, Os og Kinn.

Bispedømerådet har vedteke eit vennskapssamarbeid med den lutherske kyrkja på Cuba.

Bjørgvin bispedømeråd vil inngå eit venskapssamarbeid med Den Lutherske kyrkja på Cuba. Samarbeidet vert forvalta igjennom kontakt med Normisjon.

Ein slik relasjon til Cuba vil mellom anna innebære:

- Utveksling av informasjon
- Løfte om forbøn
- Gjensidige besøk av leiarar og aktuelle med engasjement i saka
- Økonomisk støtte (gjennom eit takkoffer pr år i dei kyrkjelydane som innvilgar dette etter invitasjon frå biskopen/bispedømerådet)
- Utlån av prestar (helst spansktalande) for ein viss periode til undervisning m.m.

Tilsettingar

Bjørgvin bispedømeråd har tilsett følgjande prestar, som alle har takka ja til å ta imot stillingane:

Sokneprest i Bergensdalen prosti, med Sælen sokn som tenestestad: Gunn Kongsvik

Sokneprest i Åsane prosti med Biskopshavn som tenestestad: Marianne Bergsjø Gammelsæter

Spesialprest i Åsane prosti med Bergen fengsel som tenestestad: Carina Østensen Søfteland. Tilsettinga skjer med atterhald om at ho vert ordinert.

Kapellan i Fana prosti med Os sokn som tenestestad: Anette-Emilie Gangstø

Sokneprest i Sunnfjord prosti med Bru, Eikefjord, Kinn og Nordal sokn som tenestestad: Erling Bakke Nydal

Sakliste

39/21  Saksliste Bjørgvin bispedømeråd

40/21  Protokoll Bjørgvin bispedømeråd 30.04.2021

41/21 Rekneskapsrapport 1.tertial 2021

42/21 Mogleg vennskapssamarbeid med den Lutherske kyrkja på Cuba

Orienteringssaker

Tilsettingssaker

43/21 Tilsetting - Sokneprest i Bergensdalen prosti med Sælen sokn som tenestestad

44/21 Tilsetting - Sokneprest i Åsane prosti med Biskopshavn sokn som tenestestad

45/21 Tilsetting - Fengselsprest i Åsane prosti med Bergen fengsel som tenestestad

46/21 Tilsetting - Kapellan i Fana prosti, Os sokn

47/21 Tilsetting - Sokneprest i Sunnfjord prosti med Bru, Eikefjord, Kinn og Nordal sokn som tenestestad

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"