Biskop Ragnhild har ei klar oppmoding til kyrkjelydane i Bjørgvin: – Vi må gjere det vi kan for å løfte fasteaksjonen til nye høgder! Pengane som vert samla inn i fasteaksjonen, vert brukt der det er mest bruk for dei - i alle dei over 20 landa KN arbeider i. Desse midlane er heilt avgjerande for at KN kan setje i gang store naudhjelpsoperasjonar når katastrofar inntreff, og skalere opp arbeidet for dei som treng det aller mest.
For å klare dette, peiker rådgjevar i Kirkens Nødhjelp, Geir Endre Kristoffersen, på fire ting kyrkjelydane kan tenke over når dei planlegg årets aksjon:
- Har vi nok menneske til å dekke alle rodene der vi går med bøsse?
- Kan vi samarbeide med andre kyrkjer om årets aksjon?
- Er det ein eller fleire aktivitetar vi kan gjere for å få inn pengar, i tillegg til det vi alt gjer?
- Kan vi gjere fasteaksjonen og kyrkja vår meir synleg?
Kristoffersen er svært nøgd med den innsatsen kyrkjelydane i Vestland legg ned i fasteaksjonen kvart år.
– Det er svært mykje godt arbeid som blir gjort i dette fylket, og resultata er alltid gode her. Eg har likevel tru på at om alle tar ein tenkerunde på dei punkta eg nemner her, kan vi få til den auken som Kirkens Nødhjelp treng no, seier han.
Fleire bøsseberarar
Mange stader gjer konfirmantane ein formidabel innsats som bøsseberarar. Det er ikkje alltid nok konfirmantar til å dekke alle rodene i lokalområdet, og då kan det vere vanskeleg å få fleire til å melde seg. Noko som har blitt gjort med hell fleire stader, er å seie at kvar konfirmant skal gå saman med ein forelder/føresett eller ein annan vaksen, i staden for å gå to og to konfirmantar, eller dei to konfirmantane kan dela ei rode med ein vaksen. Ein kan få dekka fleire roder, tryggleiken vert betre og sjansen for at folk vil gje, aukar faktisk. I tillegg er det lettare å få andre vaksne til å melde seg om ikkje alle andre som går, er konfirmantar.
Ein kan òg ha ein ringedugnad der nokre frå soknerådet eller andre ringer rundt til aktuelle vaksne i kyrkjelyden og høyrer om dei kan bruke halvannan time på denne viktige dugnaden. Kanskje er det og ei gruppe i kyrkjelyden som kan bli utfordra på å gå med bøsse? Eit kor, babysangforeldre eller andre?
Samarbeid med andre kyrkjer
Det er i hovudsak kyrkjelydar i Den norske kyrkja som gjennomfører fasteaksjonen kvart år, men det er og andre kyrkjesamfunn som er med. Kirkens Nødhjelp har åtte oppdragsgjevarar, og Den norske kyrkja er ein av desse. Har de forsamlingar frå Pinsebevegelsen, Frelsesarmeen, Misjonskirken, Baptistkirken, Den evangelisk lutherske frikirke, Metodistkirken eller KFUK-KFUM i nærleiken, vil dei truleg setje pris på å bli invitert med i ein felles aksjon. I Randesund i Agder har dei hatt god erfaring med økumenisk samarbeid, og det er ikkje utan grunn at «Menighetene i Randesund» toppa lista over innsamla beløp i 2025.
Kan vi gjere meir?
Om alle kyrkjelydar finn ein ting til som kan auke innsamlinga, vil det til saman bli ein stor løft for fasteaksjonen nasjonalt. Dei fleste har bøssebering som sin hovuddel av aksjonen, og nokre har gått over til sponsorløp. Kanskje ein kan kombinere desse to og la ulike grupper ha ulike aktivitetar? Tenk over kva grupper og aktivitetar som allereie er i kyrkja, og sjå om ein kan ha utlodding, basar, bruktmarknad eller anna i tilknyting til desse, i tillegg til hovudaksjonen. Hugs at fasteaksjonen er heile kyrkjelyden sin aksjon, ikkje berre for konfirmantane!
Bedrifter i nærmiljøet kan òg vere viktige samarbeidspartnarar for fasteaksjonen. Kirkens Nødhjelp har laga ei eiga nettside der dei gir tips til korleis lokalt næringsliv kan bli med: https://www.fasteaksjonen.no/menigheten/lokalt-naeringsliv/
Gjer fasteaksjonen synleg!
Bruk dei kanalane de har for å gjere fasteaksjonen synleg, og på den måten samstundes vise kyrkja sitt internasjonale diakonale ansvar.
De som har kyrkjeblad, finn ein ferdigskriven artikkel på fasteaksjonssidene: https://www.fasteaksjonen.no/menigheten/synlighet/menighetsbladartikkel-2026/
Du finn også tips til korleis ein tar kontakt med lokalaviser og andre gode råd for å bli synleg: https://www.fasteaksjonen.no/menigheten/synlighet/
Varmt lukke til med aksjonen!
