Kyrkjelydstur til Cuba i januar

Du kan bli med på tur til Cuba i januar. Påmeldingsfrist er 31. august kl. 12.00, så skund deg!

Kyrkjelydstur til Cuba i januar

Drøymer du om ein tur til Cuba? No har du sjansen! Som ein del av venskapssamarbeidet med den lutherske kyrkja Iglesia Evangélica Unida på Cuba, organiserer bispedømet i samarbeid med Plussreiser ei gruppereise 16. - 30. januar 2024 for inntil 20 personar. Turen er open for lekfolk, frivillige og for tilsette i kyrkja.

Vi skal vitje kyrkjelydar i Santiago de Cuba, Guantánamo og Havanna, bli kjent med nokre av folka der og få del i korleis livet er på Cuba. Vi får glimt av kva hjelpesendinga vår med klede, leikar, syklar, mat og hygieneartiklar har betydd for mange. Vi møter òg kubanarane som vitja oss i samband med bispeinnsetjinga i Bergen domkyrkje i april. 

På turen får vi òg med dagar på flotte strender i Guardalavaca, besøk til historiske stader i Santiago de Cuba, Trinidad og Havanna og ulike innslag med karibiske rytmar. I Havanna skal vi òg vitje den norske ambassaden og møte det kubanske bibelselskapet og høyre om den store bibelutdelinga på Cuba.

Kjell Ove Hatlem, som har vore meir enn 30 gonger på Cuba, vil vere reiseleiar. Vi trur ein slik tur vil vere ei oppleving for livet og kan skape gjensidige og varige venskapsband. 

Informasjon, fullt program og påmelding finn du ved å trykke her. Der finn de òg ei brosjyre som de kan laste ned og skrive ut. Vi trur turen fort kan bli fullteikna og anbefaler difor kjapp påmelding for dei som vil sikre seg plass. Reis gjerne fleire saman frå same kyrkjelyd.

Pris frå kr. 31.500,-
Tillegg for enkeltrom: kr 5.500,-
Påmeldingsfrist: torsdag 31. august kl. 12.00.

Om du har spørsmål, send nokre linjer til Kjell Ove. Kontaktinformasjon finn du nedanfor.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"