NMS si generalforsamling finn stad på Scandic Flesland. Der blir det høve til å møte NMS sine utsendingar og kyrkjeleiarar frå alle NMS sine samarbeidskyrkjer i andre land. Somme representerer små kyrkjer med nokre få tusen medlemer, andre leier kyrkjesamfunn som er langt større enn Den norske kyrkja.
Biskop Ragnhild deltek på opningsmøtet torsdag 25. juni og vil også vere hovudliturg på gudstenesta på hotellet søndag 28. juni.
Representantar frå NMS sine samarbeidskyrkjer vil delta på ei rekke gudstenester i Bergensområdet den søndagen.
Preses Olav Fykse Tveit vil vere til stades på delar av programmet og halde appell på ein fredskonsert i Grieghallen.
«Ei felles bøn om fred"- fredskonsert i Grieghallen fredag 26. juni
Koret SKRUK besøkte Madagaskar påska 2024 og spelte inn musikk saman med det gassiske militærkoret LOVA. Musikken vart utgitt på Kirkelig kulturverksted i albumet «Ei felles bøn om fred» i fjor. No møtest SKRUK og ei gruppe frå LOVA att på scena i Grieghallen, saman med Sjøforsvarets musikkorps.
Appell ved preses Olav Fykse Tveit.
Konserten vert leia av Espen og Maria Tveten.
Anders Rønningen er kunstnarisk leiar for konserten.
Spesialtilbod for unge som er nysgjerrige på misjon
Er du interessert i misjon og lurer du på korleis det ser ut i dag?
Torsdag 25. juni inviterer Norges første misjonsorganisasjon til ein dag fullspekka med spennande og inspirerande program for unge vaksne mellom 18 og 30 år på NMS Sommerfest & generalforsamling.
Inkludert i prisen er lunsj og middag i hotellstandard, seminar, kveldsmøte og lounge på kvelden.
Meld deg på her: https://event.checkin.no/…/sommerfest-generalforsamling-2026
Påmeldingen sender deg til check in. Scroll heilt nedst på sida og velg "Dagspass Torsdag - NMS YOUNG". Pris: 299,-
