Gå pilegrim i juli!

Ein treng ikkje reise til andre land for å nyte godt av ei pilegrimsvandring. Her er nokre turar, eit stemne og ei messe du kan vere med på i vårt eige bispedøme i sommar.

Tre jenter går med sekk på ryggen og stokk i hånden. De går på en sti.

Her kan du lese meir om turar frå Jondal og Moster og om pilegrimsstemnet i Røldal og Seljumannamesse på Selja

 

Jondal 6. juli

Jondal sokn har arrangert  pilegrimsturar langs den gamle pilegrimsvegen nordanfor Folgefonna, Krossdalen-Reisæter, sidan 2004. Pilegrimsvegen var ein av dei mange vegane mot det undergjerande krusifikset i Røldal stavkyrkje i middelalderen. 

 


Trykk for å lese meir


I storslått natur opplever vi fellesskapet med kvarandre og Gud.
Pilegrimsturen 2023 frå Øvre Krossdalen- langs Pilegrimsvegen nord for Folgefonna- ned til Reisæter.
Frammøte ved Spar, på Jondal ferjekai. Privat skyss opp til Hardingarinden i Øvre Krossdalen. Felles buss-skyss attende til Jondal ferjekai frå Reisæter, ovanfor Nå i Sørfjorden. 

 

Pilegrimstur frå Moster til Røldal 5. - 9. juli

Turen startar onsdag 5. juli ved Moster gamle kyrkje, der 1000-årsjubileet for Kristenretten skal feirast i 2024. Eit av temaa frå jubileet - rettsvern - vil bli brukt som ein raud tråd i refleksjonar undervegs. Eit anna sentralt tema undervegs er dei sju nøkkelorda for pilegrim: Fridom, langsomheit, enkelheit, bekymringslause, stillheit, fellesskap og spiritualitet. Nøkkelorda for pilegrim handlar om oss menneske, både om ei ytre vandring og våre indre lengslar.


Trykk for å lese meir

Turen går med båt til Halsnøy kloster og vidare til Skånevik for overnatting. Torsdag er det vandring til Etne og Seljestad før turen held fram til Røldal på fredagen. Der vert det deltaking på Røldalsstemnet.

 

Røldalstemnet 7.-9. juli

Røldal sokneråd og Bjørgvin bispedøme samarbeider om pilegrimsstemnet i Røldal første helga i juli. Pilegrimar frå Moster og Stavanger vert mottekne liturgisk fredag ettermiddag, og seinare på kvelden kan ein sjå Røldalsspelet "Den lange vegen".Laurdag 8. juli vert det program heile dagen, med mellom anna morgonbøn, bygdevandring, stille time i kyrkja, krossvandring og midnattsmesse. Frå klokka 10.00 er det eit seminar kalla "Der himmel møter jord".


Trykk for å lese meir

Seljumannamesse 9. juli

Andre helga i juli er det klart for ny stemningsfull helg i Selje og på Selja, til minne om Sta. Sunniva og seljumennene. 
Besøk Selje regionale pilegrimssenter, opplev Lovprisingskonsert med Soul kids og Soul Children i Selje kyrkje og Seljumannamesse på Selja.
Biskop emerita Solveig Fiske talar.

Les meir om Seljumannamesse
Trykk for å lese meir

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"