– Dette er eit livsfasetiltak for denne aldersgruppa. Me ønskjer å samla dei for at dei kan møta kollegaer som dei kan ha glede av å ha kontakt med framover også. Det skal vera attraktivt å vera ung tilsett i kyrkjene i Bjørgvin, seier stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit som hadde ansvaret for samlinga.
Tre medarbeidarar frå den svenske kyrkja i Stockholm var med på samlinga og fortalde om arbeidet sitt. Dei opplever vekst i oppmøte og auke i konfirmanttal, og prøver ut ulike gudstenesteformer. – Me reiser herifrå fulle av inspirasjon etter det vi har opplevd, seier undevisningsrådgjevar Stefan Elander og prestane Olle Liljefors og Adelie Molander. Dei hadde gode samtalar med dei norske deltakarane og fekk også besøka St. Jakob kirke i Bergen søndag før dei vart med på samlinga på Voss.
Det var sett av mykje tid til å snakke saman i grupper, og første kvelden feira ein gudsteneste i Vangskyrkja, under leiing av prestane på Voss.
Biskop Ragnhild Jepsen var også med på samlinga, og sette stor pris på det. – Eg er stolt, rørt og glad for samlinga, men ikkje minst djupt takknemleg for dyktige og dedikerte unge kollegaer i kyrkja i Bjørgvin. Om dette hadde vore ein konfirmantleir hadde den rett og slett vore alt for kort!
Glimt frå samlinga





