Slik kan du bli med å fylla ein container til Cuba

Bjørgvin bispedømeråd og Normisjon sender ein container til venskapskyrkja på Cuba før jul. Her kan du sjå korleis du kan bidra. Det meste skal samlast inn rundt biskopen si avskilshelg 19. - 20. november.

Det er stort behov for hjelp til Cuba der mangelen på grunnleggjande varer er stor.

Den lutherske kyrkja på Cuba er vennskapskyrkje til Bjørgvin bispedøme, og som avskilsgåve når biskop Halvor Norhaug går av, ønskjer han støtte til folket og kyrkja på Cuba. 

Du kan vippse pengar til å kjøpe inn hermetikk, andre matvarer og hygieneartiklar til containeren vi skal sende til Cuba før jul.

Klede og sko

Vi har plass til over 400 sekker med bukser, skjørt, t-skjorter, bluser, skjorter og skotøy av ulike typar og for alle aldrar, så her kan mange gje eit bidrag. Vipps gjerne 100 kr saman med kvar sekk som bidrag til utgifter.

Vi treng óg pengar for å kjøpe inn mat, hygieneartiklar og andre ting som vi skal ha i containeren.

PC, mobil og symaskin

Det er vidare behov for «litt» teknisk utstyr (mobilar, bærbare PC-ar og symaskiner som fungerer.)

Mobilar må vera maks fem år gamle og med oppdatert operativsystem og ladeledning. Passord fjerna eller sett til 0000.

Bærbare PC-ar maks. seks år, med strømkabel, fungerande batteri og fungerande Windows eller Linux operativsystem. Alle eigne data reinska bort.

Her kan du levere

Når kan du levere

BERGENSOMRÅDET  
1) Ved inngangen til St. Jakob kirke
Jonas Reins gate 2, Bergen

Laurdag 19.11 kl. 10.00-15.00
Laurdag 26.11 kl. 12.00-14.00

2) Utanfor Bergen domkirke Søndag 20.11 kl. 10.00-11.00
og etter gudstenesta, kl. 13.00
3) Fana prestegård
Fanafjellsvegen 10, Fana

Laurdag 19.11 kl. 10.00-15.00
Laurdag 26.11 kl. 12.00-14.00
Torsdag 01.12 kl. 18.00-20.00

4) Bispedømekontoret
Strandgt. 198, 3. etg. Berre mindre kolli for dei som ikkje kan levere andre stader.

28.11 - 01.12 kl. 09.00 - 10.00
og 14.30 - 15.30

 

Denne sendinga er no før jul. Men du kan kvar månad framover bidra til å løne prestar og andre i samarbeidskyrkja på Cuba. 10 personar som gjev 100 kroner kvar er nok til ei månadsløn for ein pastor på Cuba

Slik kan du gi pengar til hjelpesendinga og til framtidig lønsstøtte

  • Gi på Vipps 96005 eller konto 1503.02.13537 (Normisjon). Merk gåva «prosjektnummer 351002». For sokneråd/prosti merk gåva  med «prosjektnummer 351002 + «Avskjedsgåve Biskop Halvor"
  • For skattefrådrag på individuelle gåver på Vipps: Skriv mobilnummeret ditt i tillegg til prosjektnummer.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"