Danske sommarvikarar

Fem unge danskar har vikariert som prestar i Sunnfjord og Nordfjord denne sommaren. Dei har likt seg godt, og tilbakemeldingane dei har fått er gode.

Emma (f.v), Marie og Maja er tre av fem danske sommarvikarar som har trivest godt i Bjørgvin denne sommaren.

Bjørgvin bispedøme har i sommar hatt fem danske teologistudentar som sommarvikarar i Nordfjord og Sunnfjord. I tillegg har fleire norske teologistudentar vikariert i heile fylket. Bispedømet ønsker å bygge ein relasjon til danske studentar for å sjå om fleire vil søke faste stillingar i Noreg. Det trengs fleire søkarar med teologisk kompetanse, særleg i distrikta. Difor er det starta eit pilotprosjekt i nær kontakt med dei to ulike teologiske utdanningsmiljøa i Århus.

Ikkje heilt åleine

Ettersom ein tenkte det kunne vere språklege utfordringar og sidan dette var eit nytt prosjekt, vart det ikkje lagt opp til at vikarane skulle gjere teneste heilt åleine i år. I fleire av oppgåvene dei gjekk inn i, var dei saman med lokale prestar. Dei unge danskane har og fått vere saman i Noreg. To av dei har hatt base i Førde og dei tre andre i Stryn. Neste sommar er det tenkt at dei kan få kome tilbake og vere meir sjølvstendige, og kanskje og vere mentorar for nye kandidatar. 

Prostane og dei lokale stabane har gjort ein svært god jobb med å følge opp dette prosjektet. Dei melder og tilbake at det har vore fagleg inspirerande å samarbeide med desse unge prestestudentane.

Dei danske vikarane har og sett pris på å få samarbeide tett med norske kollegaer. 

 – Vi har nytt å vere saman med dei tilsestte i kyrkja, fortel Maja,

– Vi er svært takknemlege for at vi har hatt ein månad saman med alle dei som vi har møtt på vår veg. Dei har gitt oss gode råd om alt frå salmeval til gode vandreturar.

Dei tre prestevikarane i Nordfjord trekkjer særleg fram at prost Mari Saltkjel var til god hjelp under heile opphaldet. Du kan lese heile tilbakemeldinga frå dei tre ved å trykke her. 

Gode tilbakemeldingar

David kom frå Danmark for å vere vikar i Sunnfjord i sommar.

David (på biletet) og Silas som var i Sunnfjord, har og begge sett stor pris på å få prøve ut det å vere i presteteneste. Dei har ikkje praksis i sitt studie i Danmark, men dei er begge frivillige i lokale kyrkjelydar og aktive i ulike organisasjonar. Difor har dei erfaring med å preike og halde andakt frå før. Administrasjonen i Sunnfjord har fått inn særs gode tilbakemeldingar frå gudstenestenedeltakarar. Dei melder at preika var god og det var lett å forstå det som vart sagt.

 – Det vanskelege var i sorgsamtaler, seier Silas, – når mange snakkar fort og samtidig. Og eg er ikkje kjend med alt dei fortel omkring geografi og lokale forhold.

Festivalprestar

Dei tre prestevikarane i Nordfjord fekk og vere med som festivalprestar under Malakoff-festivalen i Nordfjordeid i godt samarbeid med Kaare Michael Christoffersen. Det at det var fire prestar på festivalen, gjorde prestane meir synlege og fleire ungdommar kunne finne ein prest å snakke med.

– Det var 'sjovt' å møte festivaldeltakarane, og vi opplevde at gjestane hadde mange forskjellige spørsmål og henvendingar til oss, fortel Maja.

Det var heilt sikkert mange som fekk eit positivt møte med kyrkja og eit godt møte med unge prestar på denne festivalen.

Tre unge prestevikarar med presteskjorter. Ei av dei har t-skjorte frå Malakoff-festivalen der det står Rockeprest.

Bjørgvin bispedøme vil vidareføra dette samarbeidet med studiestadane i Århus. Dette er ein liten del av satsinga på å lage gode faglege nettverk mellom unge prestar i bispedømet. Truleg er dette og inspirerande for alle andre tilsette.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"