Dette skjer våren 2026

Bispedømet sin kalender er no oppdatert på denne nettsida. I desse dagar går også den trykte Stiftskalenderen ut i posten til alle kyrkjekontora. Første store arrangement er biskopens mottaking 15. januar.

Publisert:

Biletet på vårens stiftskalender er teke under postludiet på gudstenesta i Arna kyrkje 16. nov. 25 som vart overført på NRK. Gudstenesta var prega av at det var ungdom med i alle roller, frå musikarar og medliturgar til predikant. Foto: Odd Mehus
Biletet på vårens stiftskalender er teke under postludiet på gudstenesta i Arna kyrkje 16. nov. 25 som vart overført på NRK. Gudstenesta var prega av at det var ungdom med i alle roller, frå musikarar og medliturgar til predikant. Foto: Odd Mehus

Stiftskalenderen innheld kontaktinformasjon og oversyn over viktige hendingar for halvåret.  Her på nettsidene finn du òg ein kalender som blir oppdatert etter kvart som nye hendingar kjem til. Kontaktinformasjon finn du under menypunktet kontakt

Biskopens mottaking

Den 15. januar inviterer biskop Ragnhild Jepsen til nyttårsmottaking i Bergen domkirke kl. 16.30. Der får du bl.a. høyra Håvard Nyhus, politisk reporter i NRK, koma med sine utblikk og innblikk på kyrkja i Bjørgvin, før biskopen held sitt nyttårsføredrag. Programmet vil bli overført direkte på nettet, og det vil også vera tilgjengeleg i opptak.  Les meir og meld deg på her

Stiftsdagar for alle 9. - 10. mars

Vårens største arrangement er stiftsdagar for alle med tema "Byggje tillit". Kyrkjeverjer og prostar har meldt frå kor mange deltakarar me kan forventa, og kring den 20.  januar vil det vera mogeleg for kvar deltakar å melda seg på seminar og liknande. Det vil gå ut e-post om dette når det store seminarprogrammet og påmeldinga er klar. Les om Stiftsdagane her

Ved ein feil falt Stiftsdagane ut av den trykte Stiftskalenderen.

Møte på Teams

I vår er det planlagt fleire webinar/møte på Teams. Dette gjer at fleire kan delta utan å bruke tid, pengar og klimautslepp på reiser.

Kyrkja vår - slik gjer du det

Kvar dag i veka 19. - 23. januar kl. 14.00 - 15.00 kan du stilla spørsmål og få svar om verktøyet "Kyrkja vår". Kyrkjefagsjef Tore Skjæveland sit klar for å svara på spørsmål og samtala med dei som vil. Lenke til desse møta finn du her og i kalenderen.

Kommunikasjon

Den 29. januar blir det Teamsmøte om kommunikasjon. Gje gjerne innspel til tema. Me vil bl.a snakka litt om korleis me kan kommunisera fastetid og påske og får besøk av rådgjevar Geir Endre Kristoffersen i Kirkens nødhjelp.

Fagdagar

Stiftsdagane er fagdagar for fleire ulike faggrupper i kyrkja. I tillegg vil dei som arbeider med undervisning få tilbod om fagdagar i kyrkjepedagogikk på Nordhordland folkehøgskule på Frekhaug 1. - 3. juni.

SOL-dagar

Biskopen og stiftsdirektøren inviterer prostar og kyrkjeverjer til SOL-dagar, Saman om å leie-dagar, i prostia. Datoar for desse dagane blir sende til prostane og kyrkjeverjene direkte. Dei fleste prostia i Hordaland har SOL-dagar 27. - 30. april, medan Sogn og Fjordane og Nordhordland har sine dagar 1. - 4. september. På SOL-dagane vil ein sjå på ulike sider ved dei lokale tilhøva, ha faglege samtalar om utvilking, om korleis ein møter utfordringar og om kvar ein kan finne felles handlingsrom og støtte.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"