Pilegrimsbøn i Mariakirken

Kvar tirsdag og torsdag kl. 12.00 kan du delta på pilegrimsbøn i Mariakirken i Bergen. Dette er eit nytt tiltak i sommar som etter planen skal halda fram heile året.

Publisert:

Pilegrimsprest Einar Vegge var leiar for pilegrimsbøna denne gongen.
Pilegrimsprest Einar Vegge var leiar for pilegrimsbøna denne gongen.

I ly av regnet, var me med på ei slik pilegrimsbøn saman med andre lokale kyrkjegjengarar og nokon turistar. Denne gongen var det orgelmusikk også, men andre gonger kan det vera utan tonefølgje.

Pilegrimsprest Einar Vegge leia gjennom bøn, tekstlesing, salmesang og liturgiske ledd på norsk, engelsk og tysk. Bøn om fred står sentralt i dei bønene som blir bedne.  

Det er pilegrimsprest Einar Vegge og Pilegrimsfellesskapet St. Sunniva Bergen, saman med menighetsrådet i Bergen domkirke menighet som står bak pilegrimsbøna.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"