Ung i Bjørgvin

Kyrkjene i Bjørgvin har mange tusen ungdomar blant sine medlemmer. Både kyrkjelydane, barne- og ungdomsorganisasjonane og bispedømet har ulike tilbod for desse.

Eit lite knippe av alle ungdomane i Bjørgvin, frå Thank God it's Friday, Salhus. Foto:TGF-media

Ungdomsarbeidet i kyrkjelydane har tre viktige pillarar:

  • Faste aktivitetar for ungdom, ofte i samarbeid med organisasjonar
  • Trusopplæring/konfirmantarbeid
  • Ungdomar si deltaking i kyrkjelyden sitt liv og i demokratiske organ

For faste aktivitetar i kyrkjelydane, kontakt din lokale kyrkjelyd. Sjå søk nede på sida.

Kyrkjelydane har fleire gode hjelparar i arbeidet med å nå ut til dei unge. Frivillige organisasjonar stiller gjerne opp i både kyrkjelydsarbeid, på skular og på studiestader. Les meir om ungdomsorganisasjonane

Ungdom er med i gudstenestelivet og andre ting som skjer i kyrkjelydane. Det året ein fyller 15 år, har ein røysterett. For å vera med i soknerådet, må ein likevel vere minst 18 år.

Ungdomsdemokrati
Kyrkja har også eit eige ungdomsdemokrati med bispedømet sitt ungdomsråd som utøvande organ. Dei blir vald på det årlege ungdomstinget i bispedømet. Nasjonalt arrangerar ein årleg Ungdomens kyrkjemøte, kor representantar frå Bjørgvin vert sendt.

Ungdomsbøna
I 2013 var det eit eige ungdomsår i Bjørgvin. Motto for året var "Venner for livet". I samband med ungdomsåret vart det skrive ei par bøner, ei til bruk i eige bøneliv og ei til bruk i gudstenester eller møte der ungdom samlast. Sjå lenke nedst på sida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"