Biskop Johan Nordahl Brun

Kort biografi over biskop Johan Nordahl Brun.

Biskop Johan Nordahl Brun

Johan Nordahl Brun var biskop i Bjørgvin frå 1804 til han døydde i 1816. Før dette var han sokneprest i Korskirken i Bergen frå 1774 og stiftsprost i Bergen og prost i Nordhordland frå 1793. I tillegg til å være prest og biskop var han også ein betydeleg diktar.

Brun gjekk til åtak på den rasjonalistiske åndsretninga i tida og han var blant dei geistlege som opna kyrkja for Hans Nielsen Hauge, utan å vere tilhengar av Hauge sin pietistisk prega kristendom. Han hadde vidare eit sosialt engasjement for dei svakaste i samfunnet.

Mest kjent er han likevel som diktar, og då særleg som salmediktar. Her er han eitt av dei store namna i vår kyrkjesoge. Best kjent i Noreg utanfor Bergen er påskesalmen ”Jesus lever, Graven brast”. Den blei første gong framført i Korskirken (truleg påskedag 1786).

I Bergen er han derimot mest kjent for å ha skrive ”Nystemten”: Jeg tog min nystemte Cithar i Hænde…

I tillegg har han bl.a. skrive ”For Norge, Kjempers Fødeland, Vi denne Skaal vil tømme…”

Desse tre songane teiknar til saman eit bilete av ein frodig person med ei klar kristen tru som samstundes er kulturopen og glad i byen Bergen.

Det var elles Brun som av Kong Carl Johan fekk gullkrossen som biskopane i Bjørgvin sidan har hatt om halsen.

Les meir om Johan Nordahl Brun

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"