Vil du arbeide på bispedømekontoret?

No har vi to ledige stillingar i administrasjonen i Møre bispedøme og for Møre biskop. Kanskje du er den rette for ei av dei?

Publisert:

To av kyrkjene i Møre bispedøme: Rødven kyrkje og Rødven stavkyrkje. Foto: Maria Vassli Gjære
To av kyrkjene i Møre bispedøme: Rødven kyrkje og Rødven stavkyrkje. Foto: Maria Vassli Gjære

Dei tilsette på bispedømekontoret er biskopen og bispedømerådets administrasjon, og skal vere støtte for biskopen i hennar arbeid med tilsynet med vigsla medarbeidarar og kyrkjelydane, vere med å verkeleggjere bispedømets startegi og støtte prostane i arbeidsgiveriet og dei lokale kyrkjelydane med faglege råd.

Møre bispedøme deler Den norske kyrkja sin visjon: Meir himmel på jorda

-Den norske kyrkja er ei vedkjennande, open, tenande og misjonerande folkekyrkje,
som vitnar i ord og gjerning om frelse, fridom og von i Jesus Kristus. 

For å virkeliggjere den, treng vi no to nye medarbeidarar.

Vil du vere med og skape gode rammar for prestetenesta i Møre bispedøme? Eller har du kanskje erfaring frå arbeid i lokalkyrkja med til dømes diakoni, kyrkjeleg undervisning eller ungdomsarbeid, og kan tenkje deg å arbeide med dette på ein litt anna måte? 

Da håper vi du vil vudere å søkje!

Her finn du meir informasjon om stillingane: 

Rådgivar, kyrkjefag (søknadsfrist 10.august)

HR-leiar/avdelingleiar HR og organisasjonsutvikling (søknadsfrist 12.august)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"