Kyrkja åpnar dørene
I dag og dagene framover åpner kyrkjer over heile landet for alle som ønsker å komme inn for å tenne et lys og være saman i sorga.
Molde domkirke vil i tida fram til kong Haralds gravferd halde åpent kvar dag frå kl 08.00 til kl 20.00.
Søndag 30. september kl 11.00 er det sørgegudsteneste i domkyrkja.
Kyrkjeklokkene ringer i ein time
Leiinga i Den norske kyrkja har nyleg sendt ut brev til lokalkyrkjene i heile landet. Det skal ringast med kyrkjeklokkene mellom kl. 12.00–13.00 fredag 28. august.
– Dette er ein dag for sorg, for oss som folk og nasjon. Samtidig kjenner vi på takksemd. Sorga er også fylt med ein djup og inderleg takk over alt kong Harald har vore for oss alle gjennom heile sitt liv. Vi ber om Guds nærvær og omsorg for alle som no sørgjer.
Det seier preses Olav Fykse Tveit, den leiande biskopen i Den norske kyrkja.
– Kyrkjeklokkene minner oss om Guds nærvær på jorda, og håpet om eit liv etter døden.
Ringinga med kyrkjeklokkene følger same mønster som då kong Olav døydde i 1991. Det skjer i samråd med Det kongelege hoff og regjeringa.

H.M. kong Harald saman med biskop Ingeborg Midttømme ved bispevigslinga i Molde domkirke, september 2008.
Foto RB Kjell Langmyren
