Kyrkja framleis viktig for folk i Møre og Romsdal

SSB-tala for Møre bispedøme er klare. Dei viser ein framleis høg oppslutnad om folkekyrkja.

Illustrasjonsbilete: Møre bispedøme

Om lag 74 prosent av alle innbyggjarane i Møre og Romsdal er medlemmar av Den norske kyrkja. Det er om lag 12 prosentpoeng høgare enn landsgjennomsnittet. 

 

Dåp

Medlemskap skjer i hovudsak gjennom dåp og om lag 73 prosent av alle fødde i Møre og Romsdal blei døypt i 2023. På landsplan vart om lag 50 prosent av fødde døypte i Den norske kyrkja.

 

Konfirmasjon

Møre bispedøme har generelt sett hatt høg deltaking i konformasjonstida opp gjennom, og den oppslutninga held seg.

88% av ungdomane i Møre vart konfirmert i Den norske kyrkja. Det er ned frå 91% i 2022, men framleis eit gledeleg høgt tal.

 

Gudstenestedeltaking

Det er ei stor glede å sjå at kyrkjene fyllast opp gjennom veka. Ei interessant utvikling det siste året er at talet på gudstenestar utanom sundag og heilagdagar, også har auka.

Talet på deltakarar på gudtenestar i 2023 går opp om lag seks prosent samanlikna med 2022.

I 2023 var det i snitt 88 deltakarar per gudsteneste (totalt), mot 80 i 2022.

 

Kultur

Tala viser at kyrkja i Møre er ein stor og viktig aktør i kulturlivet. Det siste året har sett ei auke i tala på konsertar og kulturarrangement i kyrkja på heile 7%, og ei auke i talet på deltakarar med 18%, frå 77 411 til 91 245 deltakarar. Ser ein frå 2019 til 2023, er auken i talet på arrangement på 13%.

Det er og gledeleg å sjå at tal på korgrupper og medlemmar i kor viser ei auke. I 2023 var det 55 korgrupper for born (45 i 2022), 33 korgrupper for vaksne (31 i 2022) samt 1104 medlemmar i bornekor (913 i 2022) og 571 medlemmar i vaksenkor (538 i 2022).

Møre bispedøme er eit kulturbispedøme, kor kyrkja opnar rom for tru, er der livet vert levd og er meir for fleire!

 

Vigslar

Talet på kyrkjelege vigslar i 2023 går litt ned frå året før, frå 395 til 349. Den store auken i 2022 kan skuldast opninga etter pandemiåra, og dei naturlege avgrensingane desse la på bryllaupsfeiringa. No har dette stabilisert seg noko. Dei mest kjente vigselskyrkjene held posisjonen sin i Møre bispedøme, og framleis er det Borgund kyrkje som har flest vigsler i bispedømet (34). Deretter følgjer Ålesund kyrkje (22) og Ulstein (17). I Ulstein har dei hatt tiltak som drop-in vigsel dei to siste åra, og det er gledeleg å sjå at arbeidet fører til positive tal.

Gravferd

2035 gravferder vart i fjor halt i regi av kyrkja, mot 2178 i 2022. Talet på rundt 2000 har halde seg høvesvis jamt i Møre, med over 90 prosent av gravferdene i kyrkjeleg regi for alle dei fem siste åra.

Opne kyrkjer

Talet på dagar med open kyrkje er 1615, og det er opp 4,06% sidan i fjor. Talet på sokn med open kyrkje er 42, mot 43 i fjor. Ser ein endringa over dei fem siste åra er der i mot oppgangen på 55,56%.

Kollekt

Førebelse tal viser at prostia i Møre bispedøme samla totalt inn kr. 15 762 102 i kollekt. Kollekt per deltakar på gudstenester (sundagar og heilagdagar) var på 45,47 kr, altså omtrent som i fjor (48,24 kr). Nasjonalt er dette snittalet 44,55 kr. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"