Sist prestekonvnet var i 2022 på Nordmøre, og endeleg er det ny samling, denne gongen i Fosnavåg på Sunnmøre. Biskopen gleder seg til å vere saman med prestane, og innkallar til møte. Målet er fagleg, andeleg og sosialt påfyll. Gjennom to dagar vil ein samlast om gudsteneste, foredrag, seminar og rom for å vere saman med kollegaer.
Leiar i kyrkjerådet, Harald Hegstad vert hovudtalar tirsdagen. Han skal snakk om kva forsoning kan tyde i ein kyrkjeleg og teologisk samanheng. Det vert og ei panelsamtale med bishop Helen-Ann frå vårt venskapsbispedøme i Newcastle, Harald Hegstad og biskop Ingeborg.
Onsdag er hovudforedraget ved Stephanie Dietrich som arbeider ved VID høgskule og som har eit langvarig økumenisk engasjement. Ho skal snakke om forsoning i en økumenisk samanheng. I tillegg vert det seminar ved Sjur Isaksen om "Ulykkelig fred" og sorgsamtalen som forsoningsarbeid, bishop Helen-Ann om Church of England si rolle i forsoningsarbeid med minoritetsbefolking og etter seksuelle overgrep, lokale prestar om ungdomsarbeid og forsoning som tema i konfirmantundervisning og mykje meir.
Sjølvsagt vert det og tid til å treffe nye og gamle kollegaer! Sett av dagane allereie no.
