Vil byggje kyrkjesamarbeid

Bishop Christine fra Newcastle bispedømme besøker denne veka Møre bispedøme: – Vi har like utfordringar i å formidle evangeliet på ein truverdig måte til dagens menneske, seier ho.

Biskop Christine Hardman i Newcastle bispedøme og biskop Ingeborg Midtømme har mykje å snakke om under den engelske biskopen sitt første besøk i Noreg. – Eg kjenner på fellesskapen og opplever likskap og ulikskap i våre kyrkjelege tenester, seier den anglikanske biskopen.

Dette er første gongen den anglikanske biskopen er i Noreg, og ved sida av å treffe lokale kyrkjelydar og få sett seg om i bispedømet, møter den anglikanske biskopen prostane til samtale. Møre er eitt av tre venskapsbispedøme for Newcastle bispedøme, dei to andre er eit bispedøme i Botswana samt Winchester bispedøme i England.

– I Newcastle bispedøme ber vi systematisk for Møre bispedøme, og eg kjenner på fellesskapen når eg kjem hit. Vi har noko som er likt, noko som er ulikt - og så står vi som kyrkjer framfor mange av dei same utfordringane: Korleis formidlar vi evangeliets bodskap om nåde og sanning til dagens menneske? Og korleis gjer vi det på ein måte som er ekte, autentisk og som gir gjenklang i menneske sine hjarte? Korleis lever vi evangeliet?

 BILDET: Då Christine Hardman i 2014 vart vigsla til biskop
i Newcastle var Ingeborg Midttømme med frå Møre bispedøme.

 – I England var det nylig ei undersøking kring kva for eit stikkord folk først tenkjer på når dei høyrer ordet kristne - og det er hyklarar... – Det er ikkje moralisme og ein upletta livsstil vi skal dyrke. I så fall har vi bomma på noko. Det er ikkje menneske si sak å døme. Vi treng alle tilgjeving og Guds nåde, og dette må vere vår bodskap.

Biskopen sjølv var framand for kristen tru til ho var langt oppe i tjueåra, men spørsmåla kring meining med livet kom nærare og ho fortel om ei sterk og konkret oppleving av Guds kjærleik som gjorde at ho valde ein ny kurs for livet. – Det var nok mange vener som undra seg då, seier ho...

Ho utdanna seg til prest på 1990-talet, og gjekk av for aldersgrensa i 2012. – Eg har arbeidd mykje med kvinner sin posisjon og medverknad i kyrkja, og då spørsmålet om ny biskop i Newcastle vart aktuelt i 2014, var eg ei av kvinnene som vart nominert, sjølv om eg altså eigentleg hadde slutta i teneste.
No har ho vore biskop i Newcastle i 18 månader. 

BILDET: Biskop Christine møtte prostane i Møre for å samtale om kyrkjelege utfordringar.

– Mange av utfordringane vi har som kyrkje opplever eg er felles for våre to bispedøme, sjølv om vårt lokalsamfunn nok er meir samansett enn her. Vi opplever at den engelske kyrkja minkar med omkring 1% pr. år, og medlemsalderen blir stadig høgare. Difor er det også svært interessant for meg å lære om korleis trusopplæringsarbeidet foregår her.

Programmet for vekesopphaldet i Møre omfattar møte med prostane i bispedømet, besøk ved Kvernes stavkyrkje, kyrkjejubileum i Liabygda og Geiranger samt fjelltturar.

 

BILDET: Biskopene Christine og Ingeborg har mykje å snakke om under veka biskopen frå det engelske venskapsbispedømet er på besøk.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"