Misjon - eit felles oppdrag

Misjon er å dele det Gud gir oss. Å vere kyrkje er å dele evangeliet ved å bruke tid saman med andre menneske, vise nestekjærleik og fortelje om trua på Jesus Kristus. Det gjer vi både i lokalkyrkjelyden vår og i samarbeid med andre kristne over heile verda.

Koptisk ortodokse kristne. Foto: Geir Sakseid

Møre bispedøme ønskjer at misjon skal vere ein dimensjon i alt det som kyrkja gjer. Her på desse sidene vil vi presentere nokre konkrete sider ved dette. SMM – samarbeid menighet og misjon -  er ein paraplyorganisasjon for sju organisasjonar som har arbeid i rundt 40 land over heile verda. Mange kyrkjelydar i Møre har minst ein misjonsavtale gjennom SMM. Avtalane er meir enn berre pengeinnsamling – det gir også høve til å få impulsar tilbake frå andre land og kjenne at vi er ein del av den verdsvide kyrkja.

Misjonsrådgjevar kan også kontaktast for meir informasjon. Ho kan besøke kyrkjelydane for samtale om misjonsavtalar, halde bibeltimar om misjon eller temamøte om andre aktuelle tema, eller delta i gudstenester.

Misjon har tilknytningspunkt til fleire fagområde i kyrkja. Sjå t.d. sidene om venskapsarbeid ,  internasjonal rettferd , eller om misjon i undervisning/trusopplæringa.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"