Pilegrimsreise frå Stavanger til Røldal i juli

Velkommen med på pilegrimsreise frå Stavanger til Røldal 3.-7. juli. Ein tur med båt, buss og vandringar i variert terreng. Sokneprest i Sauda Espen Gya vil vera med som pilegrimsprest.

Pilegrimsreise frå Stavanger til Røldal i juli

Bli med på ein innhaldsrik tur med buss, båt og vandringar. Det blir gudstenester, tidebøner, meditasjoner, samtaler og gode måltidsfellesskap.

Frå byen ved havet dreg me inn fjordane, gjennom grøderike dalar og over høgfjellet til pilegrimsmålet.  På reisa er me innom innom tre kyrkjer før me kjem fram til stavkyrkja i Røldal. Undervegs blir det korte  samlingar – og tid til stillheit. Sokneprest i Sauda, Espen Gya, vil vera med som pilegrimsprest. Fast tema for desse vandringane er «helse, helhet og hellighet», og i år vil me setja dette i samanheng med naturen og Guds forhold til alt det skapte.

Turen endar i Røldal, der me er med på Pilegrimsstevne som startar fredag med konsert i kyrkja. Lørdag er me med på mellom anna pilegrimsseminar, krossvandring og midnattsmesse.

Røldal var, etter Nidaros, det mest kjende pilegrimsmålet i Norge i middelalderen. I hundrevis av år søkte pilegrimar frå fjern og nær det undergjerande krusifikset.

Velkommen med på vandring!

Meld deg på her på Utstein pilegrimsgard sine heimesider.

Her kan du lesa meir om turen: Røldal pilegrimsreise 2024 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"