Ronald Mong kjem frå stillinga som sokneprest i Hana. Når no stillinga på Høle blei ledig, blei han spurt om han kunne tenkja seg denne stillinga.
Når stillingar vert ledige er det alltid ei vurdering om ho skal lysast ut eller om det er andre omsyn ein bør ta i same omgang. Stillinga i Høle og Riska er i utgangspunktet 70 prosent, men ved å få Ronald inn i denne, kan stillinga framleis vere 100 prosent. Omlegginga av prostistrukturen gjer nemleg at det blir behov for nye vikarkrefter i Dalane, og Mong har både bakgrunn frå og tilknytting til denne delen av bispedømet. Vikartenester her vert difor lagt inn i denne stillinga, i tillegg vil Ronald Mong kunne brukast som vikar i Sandnes prosti.
– Fleksibiliteten Ronald har vist gjer at me får ein trygg og god prest i Høle og Riska, samtidig som me får løyst nokre viktige behov i Dalane i overganga til ny prostiinndeling. Me får også halde på stillinga som 100 prosent-stilling. Han vil bli sakna i Hana, men Ronald, Høle og Riska kan gle seg til å bli betre kjende, seier stifsdirektør Geir Skårland og legg til:
– Ein erfaren prest som Ronald Mong vil dermed både dekke 70 prosent i Høle og Riska, og i tillegg vil han vere ein stabil og fast ressurs både i Sandnes prosti og i Dalane.
