– Sauda har Folkets hus, og folkets kyrkje

– Den vakre naturen, den viktige krafta og industrihistoria, arbeidarrørsla og skiparadiset. Her har det utvikla seg ein spanande kultur gjennom mange år. Og kyrkja har vore ein sentral aktør, sa biskop Anne Lise Ådnøy etter visitasen i Sauda førre veke.

Ordførar Håvard Handeland og biskop Anne Lise Ådnøy. Gode møter med kommuneleiing og politikarar var ein kjekk del av visitasen. Foto: Espen Gya

Visitasen byrja med at biskopen møtte stab og råd. Dei fortel om god kontakt med befolkninga, der mange er positive til kyrkja. Det er høge tal på dåp, konfirmasjon, vigsler og gravferd. Samstundes ser ein at tala for oppslutnaden om gudstenesta framleis ikkje er på nivå med før pandemien. Mange deltek i kvardagskyrkja, på tiltak i trusopplæringa, konsertar og diakonalt arbeid. Gravferdstenesta når bredt ut og er til trøyst for mange.

Kyrkjelyden er med å arrangera store arrangement, som «Barn er Bra»-festivalen og «Camp Ryfylke» for konfirmantane. Samstundes står kyrkjelyden støtt og trufast i det daglege arbeidet. Eit godt døme på dette var møtet med barna i aktivitetsklubben «Lyspunkt» i Saudasjøen kapell tysdag ettermiddag. Barna viste fram dei fine og fargerike tinga dei hadde laga på samlingane, og etterpå fekk dei stille spørsmål til biskopen.

Frå Lyspunkt
Biskopen møtte aktivitetsklubben «Lyspunkt».

Samvirke mellom kyrkja og kommunen

Onsdag formiddag var det møte med formannskap og kommunestyre i det flotte og nyrenoverte kommunehuset. Landets yngste ordførar, Håvard Handeland, innleia møtet med ein presentasjon av Sauda kommune. Kyrkjelyden fekk og presentera sitt arbeid som ein viktig samfunnsaktør og medspelar til kommunen. Kommunedirektøren inviterte kyrkjelyden til kvartalsvise møter, der ein samtalar om framdrift om dei oppgåvene kommunen skal bidra til å løyse. Møtet med formannskapet blei avslutta med samstemt «No livnar det i lundar», etter oppfordring frå biskopen om å fremje fellesskapsangen i kommunen.

Møte med formannskap og kommunestyre
Biskop Anne Lise på talarstolen i kommunehuset.

Den viktige kulturarven

Onsdag føremiddag var det møte med leiinga i skular og barnehagar. Det var ein god samtale om samarbeidet, som alle er nøgde med. I eit livssynsope samfunn er det viktig at barnehagebarn og elevar blir trygge på eige livssyn for å kunna møta og forstå andre. Her kan kyrkja som forvaltar av kultur og tradisjon vera ein viktig medspelar.

Torsdag formiddag var det pilegrimsvandring med elevane i 7. trinn ved skulane Risvoll og Austarheim. Langs vegen frå Sauda kyrkje til Kastfoss var dei innom mange spennande stasjonar, der dei fekk lære om kyrkja, pilegrimar og kristenretten. Om kvelden var det framføring av førestillinga «Kunsten å sjå» om den lokale kunstmålaren Samuel Tveit i Folkets Hus.

Sjuendeklassingar framme i kyrkja
Sjuendeklassingane framme i Sauda kyrkje.

Musikalsk diakoni

Torsdag ettermiddag var det besøk på institusjonene Høllandstunet og Åbøtunet. Her hadde biskopen ei enkel liturgi med salmer, bibeltekst, bøn og velsigning. Organisten heldt ein minikonsert med kjende songar, og det blei ei fin stund med musikalsk diakoni og gode samtalar.

Eit grønare smelteverk

Torsdag besøkte biskopen Eramet Norway Sauda, ein stor og viktig hjørnesteinsbedrift i kommunen. I over 100 år har smelteverket vore ein sentral del av Sauda, og hatt ei stor historisk og økonomisk betydning for byen og lokalsamfunnet.

På fabrikken var det ei spanande omvising ved direktøren og ein tillitsvald. Smelteverket er no inne i ei omstilling der produksjonen skal verta grønare og klimanøytral på sikt. Det er viktig og avgjerande for vidare drift. Det er framleis gode forbindelsar mellom fabrikken og kyrkja. Kanskje kan smelteverket forsyne kyrkja med vannboren varme i åra framover?

Besøk på smelteverket
Omvisning på smelteverket Eramet Norway Sauda.

Tru gir tryggheit

Kyrkjelyden sin visjon er: «Hjelpa alle til den kristne tru. Tru gir tryggheit!» Dette syner ei kyrkje som vil vera til stades i folk sine liv og formidla tru på ein måte som kjennest relevant og livsnær. Kyrkjelyden er oppteken av folk og kyrkje, kjærleik til staden, tradisjon og kyrkjebygg. Sauda har Folkets hus – og folkets kyrkje!

Frå Hellandsbygd kapell
Rådgjevar Ragnhild Halle, biskop Anne Lise Ådnøy, sokneprest Espen Gya og prost Sigrid Sigmundstad i Hellandsbygd kapell.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"