Babysong er eit gratis tilbod i kyrkja for dei minste barna og foreldra deira. Her møtest vi til song, dans, enkle instrument og eit triveleg fellesskap. Besteforeldre og annan familie er også hjarteleg velkomne!
Vi brukar ein kombinasjon av kjende og nyare songar, rim og reglar – alt frå nære voggesongar til babysamba! Samspelet mellom barnet og den vaksne er i fokus.
Her er det lågt terskelnivå – du treng ikkje kunne synge, berre vere til stades saman med barnet ditt.
Påmelding og SMS-varsling?
Babysong er eit ope drop-in-tilbod, og du er velkomen til å møte opp når det passar for deg og barnet ditt. Ynskjer du SMS-påminning i forkant av kvar samling, kan du melde deg på ved å trykkje her.
Du kan òg bli med i Facebook-gruppa Babysong – kyrkjene i Ørsta for informasjon og eventuelle endringar.
Velkomen!
Datoar hausten 2026:
13.08 Laguneparken (Naturfestivalen)
27.08 Ørsta kyrkje
10.09 Ørsta kyrkje
24.09 Ørsta kyrkje
22.10 Ørsta kyrkje
05.11 Ørsta kyrkje
19.11 Ørsta kyrkje
17.12 Ørsta kyrkje
