«Ulukkeleg fred – i skuggane av frigjeringa"- foredrag med Sjur Isaksen

«Ulukkeleg fred – i skuggane av frigjeringa. Ei forteljing om den vanskelege forsoninga etter andre verdskrigen i Noreg». Vel møtt til foredrag med Sjur Isaksen i kyrkjekjellaren i Ørsta kyrkje torsdag 9.april kl 1930. Ørsta og Volda kyrkjeakademi er arrangør.

Publisert:

Sjur Isaksen
Sjur Isaksen

Ørsta og Volda kyrkjeakademi, ved Per Halse, skriv dette om kvelden dei arrangerer:

Forteljinga om andre verdskrigen har i Noreg lenge vore måla i svart og kvitt. Siste åra har fleire historikarar presentert meir nyansar kring dei dramatiske hendingane. Men rett etter krigen vart ein ikkje populær av å mane til miskunn mot dei som hadde vore på feil side.

Kyrkja var viktig i motstandskampen, og biskopane til liks med dei aller fleste prestane protesterte mot naziregimet. Men kva skjedde etter at den sterkaste fredsrusen gjekk over? Biskopane vart nedsetjande kalla «silkebiskopar» fordi dei argumenterte imot dødsstraffa som vart gjeninnført i rettsoppgjeret mot krigsforbrytarane.

Fleire enn me truleg tenkjer over vart utstøytte av den nyvunne fridomen i det nasjonale fellesskapet, og skarp splitting kom til å gå gjennom familiar og grannelag. I den spente stoda førte ei radiogudsteneste vinteren 1946 til bruduljar. Sokneprest Kristian Ljostveit i Larvik forkynte om Guds kjærleik og nåde på ein måte som sterkt kritiserte rettsoppgjeret. Talen førte til avisoverskrifter og kritikk også frå kyrkjeleiinga.

Vel sytti år seinare dukka ei kasse med gamle papir opp på ein samlarauksjon i Oslo. Innhaldet synte seg å vere hundrevis av takkebrev til presten som offentleg vart så utskjelt for den forsonande preika. Han som kjøpte og fekk studerer desse breva kjem over påske til Volda og Ørsta kyrkjeakademi for å fortelje meir.

Sjur Isaksen er sokneprest i Uranienborg vest i Oslo. Tidlegare har han mellom anna vore lærar i sjelesorg ved MF og stortingsprest. I tillegg til å presentere historia om presten Ljostveit og reaksjonane på radiopreika spør Isaksen om kyrkja sveik då sigeren var vunnen – og også om kven som er utstøytte og forakta i vår eiga tid.

Refleksjonar rundt hendingane for åtti år sidan vil ha verdi også i møte med tendensane til sterke motsetnader og polarisering no for tida. Som tittel på foredraget har Sjur Isaksen sett «Ulukkeleg fred – i skuggane av frigjeringa. Ei forteljing om den vanskelege forsoninga etter andre verdskrigen i Noreg».

Møtet er i kyrkjekjellaren i Ørsta torsdag 9. april kl 1930.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"