Vårkonsert med barnekora GLØD og MiniGLØD

Laurdag 02.mai kl.17.00 inviterer vi til ein stemningsfull vårkonsert med barnekora GLØD og MiniGLØD i Ørsta kyrkje.

Publisert:

Vårkonsert med barnekora GLØD og MiniGLØD

Barnekora GLØD og MiniGLØD er klare for årets vårkonsert! Borna som tel rundt 50 stk har øvd lenge og gler seg til å presentere eit variert og flott repertoar. Vi får høyre både folkemusikk, popmusikk, gamle barnekorklassikarar og flotte vårsongar. Mange av borna får prøve seg som solistar denne dagen. Du skal ikkje sjå vekk frå at det blir ein del blanke auger hjå publikum og vi kan love både songglede, latter, smil og ei overrasking eller to! Dette er ein konsert for heile familien, både små og store. Vi håpar på eit stort publikum denne dagen. Velkomen!

02.mai kl.17.00.
Stad: Ørsta kyrkje. 
Bill.: 150,- (Vaksne)
Gratis inngong for born. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"