Friluftsgudsteneste ved Hovdevatnet 9.juni

Vel møtt til gudsteneste ved Hovdevatnet på andre pinsedag kl 12.00!

Publisert:

Halkjelsvika spelemannslag stiller opp i år også!
Halkjelsvika spelemannslag stiller opp i år også!

Tradisjonsrik gudsteneste for heile familien

Andre pinsedag, måndag 9.juni, inviterer Hovdebygda idrottslag trimgruppa og Ørsta sokneråd til friluftsgudsteneste ved Hovdevatnet. Sidan 1988 har dette vore eit årvisst arrangement som har hatt god oppslutning. Dette er ei gudsteneste for heile familien!

Gudstenesta startar kl. 12.00, så legg gjerne inn tid til å gå ein tur før den tek til. I år er gudstenesta ved kyrkjelydsprest Kristian Myklebust, og Halkjelsvika spelmannslag deltek også i år. Ta gjerne med noko å sitte på!

 Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi med kaker, kaffi og saft. Dei som ynskjer det kan gi ei gåve til trimgruppa for å dekke utgifter til arrangementet, enten kontant eller på Vipps. Det vert lagt til rette for leikar for borna.

Ein fin gåtur før gudstenesta

Tradisjonen tru oppmodar vi alle som har høve til det, om å gå til Badeberga. Enklaste ruta er å gå langs vegen, men det er også fint å gå stien, evt kombinert med skogsvegen som kjem ned til Hovdevatnet ved Badeberga. Startpunktet ved Hovden Møbel er merka med skilt, og stien gjennom skogen er godt synleg. Sjå etter merking og fylg desse. Skogsvegen er synleg frå stien, så det er berre å velje kva veg ein vil gå når ein kjem opp på åsen. 

For dei som gjeng langs vegen, er det høve for ein kvil på benkane som er plassert ved vatnet.

Det er gode høve for parkering ved Hovden Møbel. Ein kan også  parkere like før ein kjem til krysset der vegen går ned til Selbervika. Parkeringsplassen ved Hovdevatnet ynskjer vi vert brukt av dei som ikkje klarer å gå så langt.

 

Om det vert svært dårleg ver, vert arrangementet flytta til Sanitetshuset.

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"