Søndagstankar 9. august: Hønemor og kyllingane

Kva assosiasjonar får du til ordet hønemor? Det er dette gudsbiletet som er utgangspunkt for sokneprest Arne Moltubak sine søndagstankar denne veka. Les dei her.

Publisert:

Søndagstankar 9. august: Hønemor og kyllingane

(Denne teksten er ei omarbeiding av ein tidligare publisert tekst.) Eg veit ikkje kva assosiasjonar du får når du høyrer eller les ordet hønemor. Kanskje ser du for deg di eiga mor og alle formaningane om å køyre eller gå forsiktig. Kanskje tenker du på ei ung mor som ikkje slepp barnet sitt av syne og knapt nok våger å overlate barnet til andre enn seg sjølv. Eller kanskje ser du ei mor du kjenner som du tenkjer burde sleppe opp litt på bindingane til si vaksne dotter.

Mange har nok litt dårlege assosiasjonar til ordet hønemor. Alt som i utgangspunktet er godt og vakkert kan bli for mykje, for stort og for klamt. Omsorg og kjærleik kan lett bli overbeskyttande. Nære relasjonar kan bikke over til øydeleggande bindingar eller manglande grenser.

Bak og under ligg det likevel ein sterk, varm og glødande morskjærleik. Biletet av høna som samlar kyllingane under vengene sine er eit sterk bilete på omsorg, vern, tryggleik og varme. Slik hønemora samlar og vernar kyllingane, slik vernar og Gud oss, dersom vi vil og ynskjer det.

Kjærleiken tvinger ikkje

Men som kyllingane kan vi og velje om vi vil late oss verte samla og verna eller om vi vil lite på eigen kraft, eigen visdom og eigen rettferd. Det vesle tekstavsnittet som utgjer denne søndagen sin preiketekst kjem i forlenginga av Jesus sin lange tale med verop over dei skriftlærde og farisearane. Han har skulda dei for å stenge himmelriket for folk, for ikkje å bry seg om rettferd, miskunn og truskap, for å vere meir opptatt av det ytre enn det indre.

Kanskje er ikkje vi så annleis enn dei? Kanskje kan vi og bli for opptatt av å det ytre, det som synes, på bekostning av det som verkeleg betyr noko? Kanskje kan vi og bli meir opptatt av å ha ting på stell enn å gjere det gode?

Denne teksten handlar ikkje berre om dei med makt i Jerusalem. Den handlar om deg og meg. Den handlar om alle menneske til alle tider. Den kallar oss til å stoppe opp og spørje oss sjølve kva som er viktig for oss. Kva verdiar vi ynskjer skal prege kvardagen vår og liva våre. Og den kallar oss til å finne vern og ly under Guds venger. Både dei dagane vi lever opp til våre eigne verdiar og dei dagane vi ikkje maktar det.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"