Gamle tekstar om igjen
Kvar søndag gjennom heile året les vi tekstar frå Bibelen i kyrkja: Til kvar søndag er det valt ut tre tekstar, ei frå Det gamle testamentet, ei frå brevlitteraturen i Det nye testamentet og ei frå eitt av evangelia om Jesus. Slik, tenker kyrkja, får ein høyre eit breitt utval tekster og ikkje berre den tilfeldige presten sine favorittar. Nokre gongar dukkar det opp kjende og kjære tekster, andre gongar er det utfordrande og framande tekstar.
Kyrkja er på denne måten ein av ganske få stadar der ein stadig får høyre gamle tekstar! Kvifor er det så interessant eller viktig? Til vanleg er vi omgjevne av nye tekstar; av nyhende og artiklar, filmklipp og bilete som kom i dag, som vi såg no, og som vi gjerne har gløymt omtrent i det vi såg eller las dei. Dei er uttrykk frå og for vår eiga tid, dei er ytringar og meiningar som kan seie noko om verda vi er ein del av akkurat no. Men dei kan naturleg nok sjeldan seie noko anna, eller la oss sjå vår eiga tid frå eit anna perspektiv, ein anna ståstad, ei anna tid.
Ein gevinst ved å lese gamle tekstar, er at dei kan late oss sjå oss sjølve og verda vi er ein del av frå ein anna vinkel, i eit anna lys. Det er ein av grunnane til at kyrkja held seg med denne skikken å lese frå Bibelen, i fellesskap, søndag etter søndag. Ein slepp sjølvsagt ikkje unna oss sjølve eller vår eiga tid eller vår eigen ståstad, men det var heller aldri meininga. Det er heller ikkje snakk om å overføre frå då til no, i eit 1:1-forhold. Å lese heilage tekstar er ikkje det enklaste ein kan gjere, det står noko på spel og ein er garantert å møte motstand på ulike måtar. Men det framande og eldgamle let oss brått sjå og skjøne noko som gjeld livet no. Tyngda og verkelegheita i desse tekstane kan vise oss og minne oss om noko vi ikkje lenger så lett får auge på, eller som vi lett gløymer, eller kanskje ikkje ein gong vil sjå. Dei kjem til oss utanfrå, for å opne opp det som er no.
To brør frå eldgammal tid
Denne søndagen er det Kain og Abel som dukkar opp, i teksten frå 1. Mosebok 4. To brør frå då verda var yngre enn no,som endar opp der vi framleis er, i vår tid. «Lat oss gå ut på marka» seier Kain, men der ute slår han Abel i hel. Han drep bror sin, og set med det i gong den valdelege spiralen som framleis herjar i verda: Drap, raseri, hemn, nye drap, nytt raseri, ny hemn. Når Kain vert konfrontert med Abel sitt fråvære av Herren sjølv, trekk han på skuldrane og spør «Er eg vaktar for bror min?» Har eg ansvar for bror min, nesten min? Er det eg som må gjere noko her, er det mi plikt som kallar på meg her? Er det faktisk slik at bror min og syster mi og nesten min krever noko av meg? Er det slik at den andre ber på noko som det er mitt ansvar å ta vare på?
Og finnast dei ein måte Kain, det skuldige mennesket som har mista både bror sin og ansvaret sitt, kan sleppe frå spiralen av vald og hemn? I den gamle teksten set Herren «eit merke på Kain, så ingen som møtte han skulle drepa han.» Trass skulda si, ber Kain eit heilagt merke, som kan gi han vern. Når Jesus kjem, blankpussar han dette merket, og byd oss kraftfullt: «Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam»
Sjå merket på bror og syster di!
Tilbake i vår eiga tid ser vi korleis brør framleis kjempar mot kvarandre, korleis dei som eigentleg høyrer saman, vender seg mot kvarandre, slår i hel, raser og hemnar seg, nektar å ta ansvar for kvarandre. Spiralane av vald og hemn er eldgamle.
Samtidig ber menneska altså eit merke som er meint å verne oss, gitt oss av Herren sjølv. Tida for å legge merke til dette eldgamle merket på bror vår og syster vår og nesten vår, er alltid her og no!