Søndagstankar 10.mai: Dei raude dagane

Det er mykje å tenke over, mykje å glede seg over – og mykje å ta vare på i mai. Les kyrkjelydsprest Kristian Myklebust sine søndagstankar til 10.mai - og dei raude maidagane i det heile!

Publisert:

Foto: Den norske kyrkja
Foto: Den norske kyrkja

Dei raude dagane

«1.mai bør fjernast som offentleg høgtidsdag!», meinte KrfU- leiaren tidlegare i vår. Dagen har blitt for partipolitisk, hevda ho. Dessutan: Ho hadde rekna ut at staten kan spare omtrent 3 milliardar i året på dette.

I 1770 vart talet på heilagdagar i Danmark-Noreg halvert. Blant anna skulle den «3 Jule-, Paaske- og Pintse-Dag aldeles opphøre», saman med mange andre høgtidsdagar. Grunnen var at sjølv om dagane opprinneleg hadde «havt et gudeligt Øiemerke, ere de dog mere blevne anvendte til Lediggang og Laster, end til sand Guds Dyrkelse; hvorfore det er bedre, at de efter andre Protestantiske Landes Exempel blive anvendte til Arbeide og nyttig Gierning. Dei kosta altså staten for mykje, i leddiggang og tapte inntekter, og måtte difor rasjonaliserast vekk.

Annleisdagar er naudsynte!

Alle kulturar har hatt dagar som er annleis enn andre dagar: Dagar for feiring, og for å hugse på kven ein er og kva som er viktig. Allereie i Mosebøkene finn vi såkalla festkalendrar, som regulerte høgtider og festar.

Det vart ingen lang debatt om 1.mai i år. Stemninga for å avskaffe høgtidsdagar er visst ikkje så stor. Mange er vel glade for dei avbrekka og merkedagane vi har, og tenker at det heller er andre stadar staten får spare pengar. Men kanskje treng vi å tenke litt over desse annleis-dagane likevel? Kva er eigentleg poenget med dei raude dagane, no i 2026? Kva fører vi vidare og kva lærer vi borna våre om desse dagane, både gjennom det vi seier og det vi gjer?

For no i mai kjem dei tett: 1.mai, 8.mai, Kristi himmelfartsdag (14.mai) 17.mai og pinsedag (24.mai)

Mykje å tenke over, mykje å glede seg over!

Det er mykje å tenke over, mykje å glede seg over – og mykje å ta vare på i mai. Mykje av det vi kan glede oss over, er framleis berre ein draum andre stadar i verda. 1.mai vert vi minna om kor viktig arbeid og det å få bidra er for oss menneske. Då er vilkåra for arbeidet viktig! Vi kan vere takksame for dei mange tilkjempa, framforhandla og velforankra rettane i arbeidslivet. Og om nokon har ein rett, har nokon andre ei plikt. Ein annan gong går det andre vegen.

8.mai minner oss om korleis fred ikkje kjem av seg sjølv, og om at no er det vi som må vere vakne, på vakt i vår tid: Kva må vi halde fast på, kva er verdt å kjempe for? Korleis forvaltar vi den fridomen vi enno har?

Helgetorsdag vert vi minna om korleis noko nytt kan vekse fram i fråveret: Jesus vert teken til himmelen, i staden veks det fram ein fellesskap med rom for våre bidrag; for vår tru, vårt håp, vår kjærleik. Kyrkja si oppgåve er å vere Jesu hender og føter, over heile verda, slik at menneske kan tru og håpe og elske!

17.mai takkar for alt vi har fått: For alt det gode vi har fått i dette landet, gjennom historia og no i dag. Vi kan vere glade i dette vakre landet, setje pris på det som er kjempa og gråte fram av rettar, av plikter, av institusjonar, av kultur. Vi kan halde auger og øyrer opne, slik at fellesskapen ikkje forvitrar og vert snevra inn av frykt og likesæle.

På pinsedagen vert vi minna om at vi aldri er åleine og overletne til oss sjølve: «Eg er med dykk alle dagar», er lovnaden Jesus gir læresveinane då han faktisk forlet dei, i fysisk forstand. I staden kjem Den heilage ande, som ein usynleg vind, og fyller dei med håp og kraft. Den same Anden bles framleis, gjennom verda og gjennom oss, gjennom maidagar og menneske, gjennom høgtid og kvardag.

 

 

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"