Søndagstankar 11. januar: "Omvend veg"

Sokneprest Arne Moltubak skriv om ein annan veg i søndagstankane denne veka.

Publisert:

Søndagstankar 11. januar: "Omvend veg"

Av og til skjer ting som gjer at vi menneske må tenke heilt nytt om noko vi før var viss på korleis var og skulle vere. Eit møte med eit anna menneske, ei sterk naturoppleving, ei religiøs erfaring eller omveltande livserfaringar kan gjere at vi brått tenkjer annleis om verda, om oss sjølve eller om menneska rundt oss.

Eg trur både Johannes og mange av dei andre som var tilstades må ha fått ei slik oppleving ved breidda av Jordan den dagen Jesus vart døypt. Matteusevangeliet fortel oss at Johannes, Jesu slektning, forkynte i øydemarka i Judea. Folket strøymde til, sanna syndene sine og vart døypte. Dette var nok ikkje heilt uvanleg. Johannes var truleg ein av fleire. Men ein dag skjer altså noko som endrar alt.

Vi må anta at Johannes hadde høyrd Maria og Josef sitt vitnesbyrd om fødselen. Om englebesøk, gjetarar og vise menn. Johannes visste at det var noko heilt spesielt med denne slektningen frå Nazaret. No kjem han og stiller seg i rekka av dåpskandidatar, som ein i mengda, som ein av alle dei andre. Men Johannes protesterer: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?»

Det er som om eg høyrer Oskar Stein Bjørlykke sine ord frå salmen «Sjå inn i Herrens ansikt». Han skriv: «Sjå inn i Herrens ansikt. Dette er omvend veg. Eg som fòr vill og leita. Jesus har oppsøkt meg. Jesus har oppsøkt meg.»

Og kanskje er det nettopp ein annan veg Jesus viser oss. Ein annan veg til lukke og frelse. Ein annan veg til eit godt og verdifullt liv. Denne vegen handlar ikkje om å karre seg til toppen, men om sjølv å velje å gå ned til det lågaste. Denne vegen nyttar ikkje maktspråk og hersketeknikkar, men solidaritet og nestekjærleik. Den handlar ikkje om å vise seg verdig, flink nok eller sterk nok, men om å stille seg i rekka med alle dei som veit at dei treng nåde. Den går nedover og ikkje oppover. Utover og ikkje innover.

Vi er i openberringstida og bibeltekstane vi les freistar å male for oss biletet av kven Jesus var og er. Denne søndagen ser vi han som den som stiller seg i køen saman med alle oss andre. Den som solidarisk går inn i fellesskapet og blir eitt med menneska. Jesus er ikkje menneske på liksom. Han tar del i våre liv og møter oss på same plan. Han står ikkje på kanten og ropar ned at vi må sparke i frå for å kome opp. Han stig sjølv ned i det mørke vatnet, møter oss, er der saman med oss og hjelper oss opp.

Og der, i det han stig opp av vatnet, kjem stemmen frå det høge: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» Det er når Jesus er på det lågaste, når han solidarisk går inn i vår verd og deler våre livsvilkår, at han openberrar seg som Guds son og er til glede for Herren.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"