«Årets varmaste dag!» kunne vi lese i mange aviser onsdag 30. september. Dei siste dagane i september og dei første i oktober fekk vi endeleg ein smak av sommar, også på vår kant av landet. Det er som tatt rett ut frå Jan Inge Sørbø og Ivar Jarle Eliassen sin vakre oktobersalme:
Han gyller himlens tak med gullsinober.
Han heiser sola varsomt opp og ned.
Han helsar oss med sommar i oktober.
Han skifter fargar på kvart ospetre.
Sørbø skreiv teksten allereie i 1993 og i 2008 gav Ivar Jarle Eliassen teksten ein nydeleg melodi. I Norsk salmebok finn vi salmen på nummer 847.
Sørbø nytter mange vakre naturbilete i teksten og dei to første versa er fulle av skapingsmotiv. Trær blir lyft opp av jorda, fjell vert mura opp og liv og varme vert pusta inn i orda. Så i siste strofe i vers to, møter vi den nye skapinga: «Han hentar deg den dagen du skal gå!»
Han lyfter trea langsamt opp av jorda.
Han murer opp eit fjell og lar det stå.
Han pustar liv og varme inn i orda.
Han hentar deg den dagen du skal gå!
I vers tre dreier motiva. Her møter vi ikkje berre den skapande Gud, men og den Gud som lir med sin skapning. Den Gud som blør saman med oss og som er der midt i krise og nederlag. Den Gud som ikkje ventar på at vi skal stige opp til han, men som kjem ned til oss og hentar oss opp frå krisa sitt djup.
Går du på glør, så går du på hans hender.
Og når du blør, er det hans blod som renn.
Han står der nederst når di krise vender,
for han stig ned og du stig opp igjen!
Sørbø avsluttar salmen i eit vell av fargar. Oktoberhimmelens gull, purpur og sinober (ein raudfarge) vert eit kjærleiksbrev frå Gud til oss. Ei påminning om den kjærleiken som Jesus hadde til Marta, Maria og Lasarus og som han har til kvar levande skapning. Det var denne kjærleiken som gjorde at han ropte Lasarus ut av grava utanfor Betania. Det var denne kjærleiken som gjorde at Gud sjølv gjekk i døden for at vi skal ha eit levande håp midt i vår verd farga av død, smerte og vondskap.
Det gull du ser på himlen i oktober,
er renningar i veven som han vev.
Frå hans palett flyt purpur og sinober.
Og du er den som får hans kjærleiksbrev!
Med ønske om ein haust med mange fargerike kveldshimlar!
