«Eg vil ut og fiske»
«Eg vil ut og fiske», seier Simon Peter. Fisking var kjent; det kunne han, det gav mat og litt pengar, og noko meiningsfullt i kvardagen. Og dei andre vert med. Kva anna skal dei vel gjere?
Det vert ei tung natt ute på sjøen, ikkje fisk og ikkje så mykje meining. Men dette liknar jo på slik det starta den gongen for tre år sidan: Ei natt utan fisk, utan meining, og så ein mann som brått sto på stranda og kom med råd om korleis dei skulle få fisk.
Og så, denne morgonen, står den same mannen på stranda. Jesus bryt inn i no-tida: Han er der berre, står der på den velkjente stranda. Likevel veit dei ikkje at det er han, likevel ser dei det ikkje. Var det for lang avstand? Var det berre ikkje til å tru at det var han? Var han som ein framand, ein ukjend, i eit anna lys?
Gjenkjenninga
Men læresveinane kjenner han att gjennom det som hender; gjennom fisken som sprellar i garna denne morgonen. Dei merkar at det er Jesus; ikkje fordi dei ser han klart, men gjennom det som skjer der han er: Det vert jo liv og overflod! Og nettopp i dette, i livet han kjem med og i overfloda av det gode han spreier rundt seg, i desse tinga kjenner dei han att. Det er læresveinen som Jesus hadde kjær, Johannes, som seier det først: «Det er Herren!» Han kjenner att Jesu kjærleik der og då, midt i alt det uklare og uvisse denne morgonen elles bar på.
Og akkurat der skulle eg gjerne ha vore; om bord i denne fiskebåten denne vårmorgonen i Galilea, i akkurat denne augneblinken. Augneblinken då dei forvirra og slitne og motlause læresveinane kjenner att Kristus- og torer å seie det høgt til kvarandre: «Det er Herren!» Dei kjenner att venen sin, håpet sitt, han dei elska! Han er her jo, på nytt! Her kjem han dei i møte- lys levande!
Og så, om vi hadde vore der i båten, hadde vi også brått høyrt plasket og sett Simon Peter sin plass tom i båten. Han vil vere der Jesus er, og kastar seg rundt, bokstaveleg tala. Stuper i vatnet. Ser han allereie moglegheita for at den kalde morgonen i påska, i Jerusalem, der ved bålet, ikkje vert punktum likevel? At sviket og nederlaget og bitterheita og dødspusten ikkje skal vere det siste i Peter sitt liv med Jesus? (Joh 18,18) Peter sym, det han kan, og dei andre kjem ikkje langt bak, i båten med all fisken.
Nytt bål, nye moglegheiter
På land er det gjort opp eit nytt bål. Fisken og brødet ligg på glørne, og Jesus sit der. Kva tenker dei, læresveinane? Kvar går blikket deira? Jesus ber om å få noko av det han har gitt dei, av all fisken frå sjøen. Han vil at dei skal sjå og skjøne. Dei får mat frå den oppstadne og dei trur. Han held måltid med vennene sine, på nytt, på standa der, midt i Galilea sin kvardag. Og slik møter han oss også, i vår kvardag, her vi er, kvar gong han inviterer oss til måltid. I brødet og vinen kan vi også kjenne han att, han som stod opp frå grava for å møte oss igjen.
