Søndagstankar 15.mars: Kvifor døyr Jesus?

Påskeforteljinga er ei dramatisk forteljing, sjølv om ein har høyrt henne mange gongar. Les kyrkjelydsprest Kristian Myklebust sine søndagstankar til 4. søndag i fastetida.

Publisert:

Altarskapet i Ørsta kyrkje
Altarskapet i Ørsta kyrkje

Kyrkja var full av born. Dei var i kyrkja for å høyre og å sjå påskeforteljinga. Mange av borna skulle delta sjølve, og vere folk som tok i mot Jesus med palmegreiner på palmesøndag, eller læresveinar som åt påskemåltid saman med Jesus på skjærtorsdag. Forteljinga hadde kome fram til langfredag; mørkrer senka seg over landet og forteljinga avslutta med: «Så døydde Jesus.» Då kom det eit høgt, forskrekka gisp frå kyrkja! «Så døydde Jesus?!?» Verkeleg? Kvifor det?

Påskeforteljinga er ei dramatisk forteljing, sjølv om ein har høyrt henne mange gongar. Kvar gong kan det vere nye sider ved dramaet vi legg merke til. Denne gongen oppdaga nokon det sjokkerande og forferdelege i at Jesus døyr på krossen! Kvifor skulle hovudpersonen, ja helten, i forteljinga døy så meiningslaust og forferdeleg?

Spørsmålet er ikkje nytt. Det er mange fleire enn skuleborna i Vartdal kyrkje som har lete seg engasjere og sjokkere av og grubla på dette: Kvifor døyr Jesus? Er det noko meining å finne i det? Kven er det som står bak eigentleg? Korleis kan kyrkja halde fram denne forteljinga, og til og med seie at verda si frelse heng saman med at Jesus døyr?

I den kristendommen som har stått sterkt på våre kantar av landet, har svaret nokre gongar vore gjort for enkelt, nærast skjematisk: Menneska har synda, men Gud sender Jesus som tek på straffa som menneska eigentleg skulle hatt. Difor er det Gud som står bak Jesus død, djupast sett, og Jesus død er nødvendig i eit guddommeleg perspektiv, for at rettferda skal skje.

Ein treng sjøvsagt ikkje avvise eit slikt perspektiv. Men les ein påskeforteljingane i evangelia, i all si breidde, og dei andre bibelske vitnemåla frå Paulus og andre, så er det ikkje så rett fram, ikkje så enkelt å kome til rette med. Teologen Notto Thelle har kalla dette for «påska sin polyfoni», påska si fleir-stemmigheit. Han understrekar korleis det ikkje finst berre ein måte å forstå Jesu død på: Bibelen sjølv har mange stemmer, brukar ulike bilete og forklarar på forskjellige måtar. Gjennnom heile kyrkja si historie, ja allereie då dei bibelske tekstane vert til, har ein arbeidd med spørsmålet: Kvifor døyr Jesus? Kva betyr det for oss, for menneska, for verda, for Gud? Ja, spørsmåla her er i realiteten mange: Kva betyr til dømes dette vi les i søndagen si tekst om at «det er betre for dykk at eit menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne?» Kva betyr det når Jesus snakkar om seg sjølv som «kveitekornet som må falle i jorda og døy», eller som ein løysepenge? Kva betyr det at han er «Guds lam»? Ofrar Gud Jesus, eller tek menneska livet av Jesus, eller gir han det opp frivilleg?

Å vere kristen er ikkje, med klare ord, å kunne fastslå og fullformulere kva det betyr at Jesus døyr! Det er heller å leve livet sitt med dette spørsmålet ope. Det er å kunne lene seg mot dei svara spørsmålet kan få, og vite at gjennom Jesu død skjer det noko avgjerande, noko som fører Gud og mennneske saman på nytt.

Og aller mest: Å tru på Kristus er å tru at døden hans slett ikkje er det siste! Det er å sjå spørsmåla om kvifor Jesus døyr i eit nytt og strålande lys: I lyset frå den tome grava. Jesu død i lys av hans oppstode: «Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv» (Rom 6, 4)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"