Eg voks opp i ein heim der vi ikkje hadde mykje. Mor var åleine med sju born, og det vi eigde var enkelt. Dei same kleda vart vaska og brukte om att, altfor mange gonger. Vi drøymde ikkje om det nyaste eller det finaste. Mor lærte oss å vere nøgde med det vi hadde, og framfor alt å vere takksame.
Gjennom oppveksten såg eg korleis Gud bar oss, ofte gjennom eit menneske som lydde ei stille oppmoding om å hjelpe. Eg lærte tidleg at Guds omsorg ikkje alltid kjem på den måten vi ventar, men den kjem.
Når eg les tekstane denne søndagen, - Matteus 6; Nehemja 9; Hebrearane 13; og Johannes 6, tenkjer eg på mor. Jesus seier i Matteus 6 at vi ikkje skal uroa oss for kva vi skal ete eller kle oss med. Det er ord som kan verke urealistiske dersom ein aldri har mangla noko. Men for menneske som har levd med lite, får dei ei heilt eiga tyngde. Jesus seier ikkje at behova våre ikkje er verkelege. Han seier at den himmelske Far kjenner dei.
I Nehemja 9 les vi om Israelsfolket som vandra i øydemarka i førti år. Gud leidde dei gjennom heile denne tida, og dei mangla ingen ting. Dei hadde ikkje overflod. Dei hadde ikkje alt dei kunne ønskje seg, men dei hadde det dei trong. Gud sørgde for dei – dag for dag.
I Hebrearbrevet blir vi oppmoda til å halde livet fritt frå pengekjærleik og vere nøgde med det vi har. Kvifor? Fordi Gud har sagt: «Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg». Vår tryggleik ligg ikkje i det vi eig, men i Han som held oss oppe.
Og i Johannes 6 tek Jesus imot fem brød og to fiskar. Det ser altfor lite ut. Likevel blir det nok – meir enn nok – når det blir lagt i Jesu hender.
Eg trur noko av det viktigaste mor mi gav oss, var ikkje mat når det fanst mat, eller nye klede når det trongst. Ho gav oss eit blikk på livet. Ho lærte oss at rikdom ikkje handlar om kor mykje vi eig, men om å kunne takke for det vi får. Ho lærte oss at det motsette av fattigdom ikkje nødvendigvis er rikdom, men tillit. I gravferda til mor mi mange år seinare var det mange som takka nettopp henne for den hjelpa ho hadde gitt til andre i landsbyen. Ein passa på kvarandre, og i trua på Gud hjelpte alle til med dei få resursane ein hadde.
Vi lever i ei tid som stadig fortel oss at vi treng meir. Meir pengar. Meir plass. Meir eigedom. Meir av alt. Evangeliet seier noko anna. Det seier at Gud kan lære oss å seie: «Dette er nok.» Og eit menneske som har lært det, eig ein skatt som ingen økonomi kan måle.
Eg veit at ikkje alle bøner blir svara slik vi ønskjer. Eg veit at mange lever med tung uro og store utfordringar. Difor er ikkje dette ei enkel oppskrift. Men det er eit vitnemål om ein Gud som er trufast, også når livet er trongt.
Når eg ser tilbake på barndomen min, hugsar eg ikkje først det vi mangla. Eg hugsar ei mor som bad. Eg hugsar banket på døra. Eg hugsar takksame hjarte rundt eit enkelt måltid.
Og eg hugsar at vi hadde det viktigaste av alt. Vi hadde nok, fordi Gud var med oss.
