Er det kristne håpet først og fremst ei belønning? «A pie in the sky when you die”? Eit håp om at ein skal få noko etter dette livet er over, slik at livet her og no mest handlar om å «sikre» at ein kjem til himmelen?
Dette er ikkje ein heilt uvanleg kritikk at den kristne trua: Håpet gjer at ein vender seg vekk frå livet her og no, her i denne verda. Ein vender seg bort frå det ein ser av sorg og liding og fortviling, bort frå medmenneska, og trøystar seg ved det som ein håper skal komme: Ein himmel, ei æve, ei god og lukkeleg framtid på den andre sida av grava.
Det kan vere mykje rett i denne kritikken! Likevel: Vi kan ikkje slutte å håpe av den grunn!
For kristen tru og kristent håp treng slett ikkje verte flukt frå livet, frå tida og verda. Dette håpet kan nokre gongar hjelpe til å bli verande. Å leve i det som er. Å halde ut det som nesten ikkje er til å halde ut. Nokre gongar kan håpet vere ei sterk kraft til å forandre, til å handle, ei hjelp til å sjå at ting kan vere annleis enn dei er no.
Eg trur menneska alltid har leita etter eit håp, eit stort håp som strekkjer seg utover dei grensene livet vårt har. Vi finn vel knapt kulturar som ikkje har hatt førestillingar om eit liv etter døden. I det kristne universet finn vi mange ulike bilete, motiv og formuleringar av det store håpet. Sjølvsagt er mange av dei henta og inspirert av tekstar frå Bibelen, slik som teksten frå Jesaja denne søndagen. Men nettopp fordi det store håpet er så viktig for menneska, viser vi også stor kreativitet og førestillingsevne, og skaper våre mangfaldige bilete av håpet. Det er jo ikkje så mykje vi kan vite, eigentleg, om det som er på den andre sida. Vi ser i ein spegel, i ei gåte, ikkje minst om desse tinga. Men vi kan lene oss på at det skal vere godt: «Ingen ska høyra meir om vald i ditt land, om herjing og øydelegging innanfor dine grenser», skriv Jesaja. «For Herren skal vera ditt lys for evig.»
Det store kristne håpet er knytt til Jesus: Det er knytt til at Jesus Kristus leid og døydde, og at han stod opp frå grava. Det er knytt til at døden ikkje lenger er det siste, for Jesus har overvunne han. Det er knytt til at slik Kristus vert reist opp frå dei døde, skal vi også ein dag bli reiste opp til nytt liv hos han. «Jeg tror på jordens forvandling», skriv salmediktar Eyvind Skeie, «En tid, et sted, en gang skal alle ting bli nye og alt bli fylt med sang! Ja, jorden skal fornyes og gode ting skal skje! Bak døden venter Jesus. Den som vil tro, skal se!»
Det kristne håpet har gitt og kan framleis gi menneske mot og kraft til å gå vidare. Ikkje utanom lidinga og smerta, men gjennom. Det kristne håpet er eit stort lys, som kastar noko av lyset sitt også over min og din livsveg. Då vert håpet ei kraft til å leve, her og no.
