Søndagstankar 20. juli: Kalla og sendt

Denne søndagen ber namnet aposteldagen. Dagen er minnedag for apostlane Peter og Paulus som begge, i følge tradisjonen, blei avrette den 29. juni i år 64. Sokneprest Arne Moltubak skriv om "den doble rørsla" i søndagstankane denne veka.

Publisert:

Søndagstankar 20. juli: Kalla og sendt

I evangelieteksten for aposteldagen dette året er det ei spanande dobbeltrørsle. Først les vi at Jesus «kalla til seg dei han ville», at dei «kom til han» og at «dei skulle vera med han». Og så i forlenginga av dette: «for at han kunne senda dei ut for å forkynna og ha makt til å drive ut vonde ånder».

Den første rørsla handlar altså om å kome til Jesus og vere nær han. I tre år skulle desse tolv følge Jesus. Dei skulle lytte til han, samtale med han, høyre han diskutere med dei religiøse leiarane, sjå korleis han møtte menneske som fall utanfor og korleis han sjølv måtte trekke seg unna for å kvile og be. Dei var lærlingar som følgde meisteren.

Og så, når læretida var over og tida var inne, kunne han sende dei ut for å forkynne og gjere godt. Dei hadde rett nok praksis og fekk prøve seg litt på eigenhand undervegs, men den verkelege sendinga, den kom først når dei var utlærde og klare.

Godt hjelpte både av det dei hadde lært og av krafta frå Den heilage ande sette dei i gang ei rørsle som enno lever, ei rørsle som stadig set nye menneske fri frå fangenskap og som stadig fyller nye menneske med håp i ei tid der slikt for mange er mangelvare.

I dag er det vi som vert både kalla og sendt. Kalla til å lære stadig meir om kven Jesus var og er og bli forma av han. Sendt for å dele den gode fortellinga om Gud som vart menneske og for å gjere godt i ei verd som ropar etter kjærleik, nåde og fred.

Sokneprest Arne Moltubak  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"