Møbelindustri, konfeksjonsfabrikkar, skipsindustri, fiske, jordbruk, oppdrett, fiskekasser, trankapslar… Lista med døme på den sunnmørske gründerånda er lang. I generasjonar har sunnmøringar brukt både evnene og resursane sine til å skape, forvalte og vidareutvikle.
Einskildmenneske og familiar har sett moglegheiter i staden for hindringar. Dei har tatt tak i det dei har og skapt noko nytt. Dei har begynt i det små og bygd seg opp til viktige bedrifter. Dei har skapt arbeidsplassar og verdiar både til lokalsamfunn og storsamfunn.
Felles for dei alle er at dei ikkje har gitt etter for frykt eller motstand. I staden for å gøyme bort talentane og resursane i frykt for å mislukkast har dei gått all-in. Dei har våga å satse fordi dei trudde på det dei hadde. Håpet om å lukkast var sterkare enn frykten for å misslukkast.
Nyland og Warholm
I sommar har vi sett noko av det same på idrettsbana. I fotball-VM fekk vi sjå Ørjan Håskjold Nyland storspele for Noreg og i EM i friidrett fekk vi sjå Karsten Warholm ta gull på både 400 meter hekk og 400 meter stafett. Ingen av desse prestasjonane hadde vore mogleg om dei to hadde gitt etter for frykta for å mislukkast og bli hengd ut i media. Men dei gjorde ikkje det. Kvar gong dei har møtt motstand så har dei jobba seg gjennom det. Dei har hatt trua på at det kan gå. Dei kan få det til. Dei kan lukkast.
Mange av oss har mykje å lære av både dei sunnmørske gründarane og dei store idrettsprofilane. Vi har ikkje fått evnene og resursane våre for å grave dei ned eller spare dei til ein annan gong. Vi har fått dei for å bruke dei. For på ein eller annan måte å skape ei betre verd der vi er.
Nokre gjer det med idrettsprestasjonar som samlar og gjer nasjonen stolt. Nokre gjer det med å skape innovasjon, arbeidsplassar og økonomiske verdiar. Nokre gjer det med å ta vare på borna og foreldra våre. Nokre gjer det som frivillige natteramnar eller trenarar i barneidretten. Nokre gjer det ved å opne heimane sine for borna i nabolaget.
Vi har alle noko vi kan nytte. Lat oss hjelpe kvarandre til å vere modige. Modige nok til å nytte det vi har. Modige nok til å gjere ein forskjell. Med det eg har og med akkurat den eg er.
