Søndagstankar 23. november: Vel livet!

Les diakon Betty Søvik sine søndagstankar for søndag 23. november.

Publisert:

Søndagstankar 23. november: Vel livet!

“I dag legg eg fram for dykk livet og døden, velsigning og forbanning. Vel då livet, så du og ætta di kan leva.” Slik tala Moses til folket før dei skulle gå inn i det lova landet. Han visste at valet ikkje berre handla om lov og plikt, men om hjarta – om kva veg dei ville gå, og kva dei ville byggje livet sitt på.

Vi står òg stadig framfor viktige val. Kanskje ikkje mellom liv og død i bokstavleg forstand, men mellom det som gir oss liv – og det som tek det frå oss. Vi kan velje tillit i staden for frykt. Tilgjeving i staden for bitterheit. Fellesskap i staden for likegyldig avstand.

“Vel livet,” seier Gud. Det betyr å velje det som gjer oss heile, det som bind oss saman, det som let kjærleiken få rom. Livet Gud tilbyr er ikkje utan kamp eller smerte, men noko som er rikt – fordi det har røter i noko større enn oss sjølve. Når vi vel livet, vel vi òg Gud. Og når vi held oss til han, finn vi at livet – midt i alt det vanlege – blir til velsigning.

Eit viktig spørsmal er korleis vi kan velje livet? Å velje livet eller velje Gud i vår tid er ikkje nødvendigvis eit dramatisk eller mystisk val. Det handlar oftast om noko stille, kvardagsleg og ekte. Her er nokre refleksjonar som kanskje kan hjelpe deg med å setje ord på det. Å velje livet er å velje retning i ei tid der mykje trekkjer oss i mange ulike retningar med høge krav, hastverk, informasjon frå sosiale media og uro i verda; då treng vi noko som gir retning. Å velje livet betyr å stoppe opp og spørje, kva gjer meg levande? Kva styrkjer det gode i meg og mellom menneska? Når du tek val som fører til meir fred, omsorg og rettferd – då vel du livet.

Å velje livet er å byggje fellesskap. Mykje i tida no dreg oss mot individualisme og prestasjon, som for enklete kan utvikle seg til angst. Men livet får meining når vi deler det med andre. Å velje livet kan vere så enkelt som å vise omsorg, tilgi, hjelpe ein nabo, stå opp for nokon som blir oversett, eller vere til stades for eit menneske som slit.

Å velje Gud er å leve med opne åndelege auge. Vi treng ikkje alltid kjenne Gud for å velja han. Det handlar meir om å halde døra open for det heilage midt i kvardagen: å be ei enkel bøn, å takke for det vi har, å våge å stole på at du ikkje står åleine. Gud er nær i det vanlege – i samtalar, i naturen, i medmenneske, i stilla. Å velja Gud er å vende seg mot den nærleiken, igjen og igjen.

Å velje Gud er å stole på håpet. Når alt verkar usikkert – i verda, i samfunnet, i eige liv – kallar Gud oss til håp. I staden for å resignere, kan vi tru at det gode framleis kan få vekse. Håp er ikkje naivt; det er ein måte å leve på. Å velje livet og Gud betyr å leve med eit ope hjarte, med vilje til kjærleik, rettferd og tru – midt i det moderne, travle og ofte uoversiktlege livet. Det handlar om retning, ikkje perfeksjon.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"