Søndagstankar 27.april: Tomas, tvilaren?

Ein av dei tolv lære-sveinane har eg særleg sans for. Han heiter Tomas. Han har tilnavnet Tvillingen.

Incredulità di san Tommaso (Caravaggio)

Men i ettertid har han fått eit anna tilnavn, nemleg Tvilaren. Tomas Tvilaren er jo kanskje ikkje eit veldig hyggeleg navn å verte kalla. Vi tenker kanskje at det forteller om ein svak person som ikkje klarer å bestemme seg for noko.

Men eg synest at Tomas framstår ikkje som svak, men som ein som søker sanninga. Ein som torer å stille dei spørsmåla som alle sit inne med, men som ingen tør å seie.

Og no, etter at påska er over, og mange snakkar om å ha sett Jesus i levande live, vil ikkje Tomas la seg rive med i begeistringa. Eg trur ikkje på dette før eg får legge hendene på naglemerkene i hendene og stikke fingeren i såret i sida hans.

Åtte dagar seinare er læresveinane samla, og Jesus viser seg for dei , og let Tomas få kjenne på såra. Og han ser og trur.

Martin Luther snakka også mykje om tvil. Han kom fram til at tvil er ein viktig del av trua. For når vi tvilar, så erkjenner vi at vi ikkje kan produsere tru på eigen hand. Det må vere noko som Gud gir oss, som ei gåve.

Vi får lov å tvile, vi får lov til å undersøke. Vi får lov å vere som Tomas, og seie: « Eg kan ikkje kan tru før du Jesus viser deg for meg, på din måte.».

Og når vi les vidare i bibelfortellinga, så ser vi at også tvilaren Tomas, saman med Peter, fornektaren, og alle dei andre, vart dei modigaste til å fortelle om den oppstadne Jesus Kristus.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"