Søndagstankar 29. juni: Kva er det med borna?

Kva er det med borna? Dette spørsmålet har eg stilt meg mange gongar i møtet med denne søndagen sin bibeltekst. Kva er det med borna som gjer at Jesus løfter dei opp som døme til etterfølging? Kva er det borna har som vi vaksne ikkje har?

Publisert:

Foto: Bo Mathisen/Den norske kirke
Foto: Bo Mathisen/Den norske kirke

Handlar det om barnet sin ibuande nysgjerrigheit? Er det barnet sin uskuldige tillit? Eller er det kanskje barnet si evne til leik og naturlege livsglede? Bibeltekstene gjev oss ikkje eit eintydig svar, og eg lurer på om eg kanskje stiller feil spørsmål. Kan det handle meir om kva barnet ikkje har enn kva det har?

Både i Markus-, Lukas- og Matteusevangeliet (også kalla synoptikarane) vert fortellinga om Jesus og borna etterfølgd av fortellinga om Jesus og den rike mannen. Han som lurte på kva han skulle gjere for å arve evig liv og som fekk til svar at han måtte selje alt han eigde og gje det til dei fattige. Medan Jesus tek borna inntil seg og velsignar dei, går den rike mannen sorgtung bort. «For han eigde mykje», skriv Markus.

Det er ingen ting gale verken i å ha pengar i banken, utdanning, ein god jobb, sosial status eller fint hus. Alt vi har og alt vi har fått til kan vi vere både stolte av og takksame for! Men kan det vere at alt dette innimellom let oss gløyme det som verkeleg betyr noko? Kan det vere at vi blir blenda av alt vi har fått til og alt vi har skaffa oss og dermed trur vi kan greie alt sjølve utan hjelp frå verken Gud eller medmenneske?

Det er fint med både pengar på konto og studiepoeng på CV-en, men seier det eigentleg så mykje om kven du er som person? I den vakre dåpssalmen «Det skjer et under» av Gerd Grønvold Saue og Kjell Mørk Karlsen syng vi i refrenget: Ingen på jorden er himlen så nær som barnet han tar i sin favn, som barnet han tar i sin favn.

Barnet har ikkje gjort anna enn å verte fødd, blitt pressa ut av kvinnekroppen. Likevel, og kanskje nettopp derfor, er det nærare Gud og nærare himmelen enn nokon av oss andre. Vi har ein grunnleggande verdi som går langt djupare enn pengar, CV og studiepoeng. Det er eit evangelium til både store og små, i dag som på Jesu tid.

Av sokneprest Arne Moltubak

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"