Søndagstankar 3.mai: Den gode bekreftinga

Konfirmasjonane er i gang i kyrkjene i Ørsta. Her kan du lese sokneprest Arne Moltubak sine søndagstankar med utgangspunkt i ei av bibeltekstene frå konfirmasjonsliturgien.

Publisert:

Søndagstankar 3.mai: Den gode bekreftinga

Vi er godt i gang med konfirmasjonane i kyrkjene i Ørsta. Førre helg var det konfirmantane på Vartdal sin tur. Denne og neste helg gler vi oss til å feire konfirmantane i Ørsta og Hjørundfjorden.

Konfirmantane har vore gjennom mange timar med undervisning både her i Ørsta og på leir i Ulsteinvik. Saman har vi utforska den kristne trua, blitt kjende med gudstenesta, ete saman, spelt volleyball, sunge, tent lys og bedt.

Vi bekreftar

No er tida komen for det mange opplever som høgdepunktet. Konfirmantane skal feirast både i kyrkja og i heimen. Men kva er det dagen djupast sett handlar om? Det ligg i ordet: konfirmasjon, stadfeste, bekrefte. Vi som står rundt konfirmanten bekrefter vår omsorg, vår kjærleik og vår tilknyting til konfirmanten. Vi løfter fram alt det vi er stolte av. Alt det fine vi ser og opplever saman konfirmanten. Vi tar fram gode og kanskje nokre litt flaue minner frå desse 15 første åra av livet. Vi ser tilbake og gler oss over det som har vore, det som er og det som skal kome som vi ikkje veit noko om.

Gud bekeftar

I kyrkja møter Gud oss med den same stoltheita og den same omsorga. Her bekreftar Gud sitt løfte til konfirmanten. Løftet om å vere med alle dagar, både dei gode og dei vanskelege. Løftet om at konfirmanten aldri skal vere åleine, men omslutta av Guds omsorg og kjærleik same korleis livet ser ut. Ein av tekstane som høyrer til konfirmasjonsgudstenesta er henta frå Bergpreika i Matteusevangeliet. Jesus snakkar med læresveinane sine om bekymringar og om det å vere urolege for livet og morgondagen. Han seier: «Ver ikkje urolege for livet!» Av og til tenkjer eg at Jesus kunne ha hatt godt av ein liten realitycheck. Korleis kan han seie noko slikt? Korleis kan han be oss om å ikkje uroe oss? Veit han i det heile tatt noko om korleis det er å vere menneske? Svaret på det siste er ja. Jesus visste veldig godt korleis det var å vere menneske. Han visste, kanskje betre enn nokon, kva det ville seie å vere uroleg, redd, lei seg og engsteleg.

Men han visste og at både han og vi har ein stad å kome med redselen, uroa og engstelsen vår. Sjølv lå han på kne i ein hage og ba om å få sleppe det som låg framom. Sjølv trakk han seg med jamne mellomrom til side for å vere åleine når det vart for mykje mas. Jesus visste kor han kunne finne mot og styrke til å stå i det som var vanskeleg. Han fann det i stillheita, i bøna, i fellesskapet med Gud og venene sine.

Når konfirmantane kneler på alterringen, følger dei Jesu eksempel. Dei går til kjelda for mot, håp og kjærleik. Vi som kyrkjelyd og fellesskap får legge deira framtid og liv i Guds hender. Slik kan både vi og Gud bekrefte vår omsorg og våre gode tankar for livet deira.

Gratulerer med dagen til alle konfirmantar og føresette! Måtte det bli ein minnerik dag der konfirmantane kjenner seg elska, verdifulle og bekrefta av Gud og oss som står rundt dei.

Sokneprest Arne Moltubak

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"