Då vi skulle velje fag på vidaregåande valde eg blant anna geografi. Eg var veldig interessert i ulike land og folk. Eg elska kart, landegrenser og flagg og såg fram til å lære meir om dette. Stor var skuffelsen då timane tok til med sedimentære, metamorfe og magmatiske bergartar, isbrear, forvitring og tektoniske plater. Det var då ikkje dette eg hadde søkt meg inn på. Eg var interessert i levande menneske og korleis vi organiserer oss i fellesskap, ikkje døde steinar og jordmassar.
Eg fann etter kvart ut at det var ganske interessant korleis dei ulike laga i jordkloden vår hang saman. Det var fascinerande å sjå korleis naturgeografien og menneskelivet påverkar kvarandre og utfordrar kvarandre. Ein stein er ikkje berre ein stein. Og sjølv om steinane under oss er aldri så døde, så speler dei ei viktig rolle for sjølve livsgrunnlaget og korleis verda utviklar seg på sikt.
I Første Peters brev kan vi lese om Jesus som ein levande stein, vraka av menneske, men utvald av Gud. Forfattaren av brevet oppfordrar også lesarane til å vere levande steinar, «oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap». Det er ein spanande motsetning i omgrepet levande steinar. Steinar er per definisjon utan liv, utan biologiske prosessar som er sjølve kjenneteiknet på liv. Samtidig er steinar i stor grad til å stole på. Det skal mykje til før dei gjev etter og det tar millionar av år å slipe dei ned.
Kanskje er det nettopp denne dobbeltheita forfattaren vil ha fram. Jesus var og er høgst levande. Han talte. Han sov. Han åt og drakk. Samtidig var han til å stole på. Han gav ikkje etter når motgangen kom. Han stod støtt gjennom alt som møtte han. Han stod i mot freistingane til å gjere steinar til brød og freistingane om verdsleg makt og mynde. Han veik ikkje av for ein vanskeleg diskusjon.
Jesus er vårt førebilete. Vi skal og vere levande steinar. Kyrkja er ikkje først og fremst eit hus bygd av steinar eller tre. Kyrkja er eit fellesskap bygd av levande steinar. Menneske som er til å stole på, som ikkje sviktar når livet er vanskeleg og grunnen knakar. Menneske som møter kvarandre som ekte, levande menneske, med tankar, erfaringar og kjensler. Med sår og merker etter levd liv. Vi er kalla til å vere levande steinar som lever saman og bygger levande fellesskap saman. Og midt i fellesskapet, midt i bygningen, der er grunnsteinen som ber heile verda. Han som sjølv møtte døden. Han gjer oss til levande steinar.
Sokneprest Arne Moltubak
