Påskedag: "Livet vant, dets navn er Jesus"

Les kyrkjelydsprest Kristian Myklebust sine søndagstankar/påskedagspreike for påskedag 2026.

Publisert:

Påskedekorasjon frå Ørsta kyrkje påska 2026
Påskedekorasjon frå Ørsta kyrkje påska 2026

Den første påskedagen starta ikkje med jubel og fanfare. Det var ingen glad trompet som spelte triumferande, ikkje noko englekor som song glade songar.

Den første påskedagen var i utgangspunktet den tredje dagen med sorg og fortviling for dei som kjende Jesus. Det var dagen då nokre av kvinnene som hadde gått saman med han, hadde bestemt seg for å gå til grava hans. Kanskje hadde dei bestemt seg dagen før, i morgon må det skje; sjølv om det vert vondt, går vi til grava hans og salvar kroppen med oljer, slik skikken seier.

Allereie ved daggry er dei altså på veg, i tung og altoverskuggande sorg. Oljen har dei gjort i stand, eit stykke konkret sorgarbeid.

 

Nokre dagar tidlegare vart Jesus riven frå dei, på brutalt vis, i all offentlegheit, hengt opp på eit tre, ein kross, til spott og spe. Alle hemningar var kasta, saka mot Jesus var på mange måtar ei farse, for kva hadde han eigentleg gjort som fortente ein slik skjebne? Korleis hadde dei eigentleg komme fram til det? Kvifor sette ikkje Pilatus ned foten? Noko opprør hadde vel Jesus aldri tenkt å sette i gong?

Nei, langfredag vart Jesus eit offer for dei verste, mest brutale og nådelause sidene ved mennesket: Det blinde raseriet, gruppesuggesjonen, trongen til å gjere nokon til offer for det ein ikkje likar, ikkje kan tole, stridslysten, den kalde, manglande evna til å gjenkjenne kjærleiken, miskunnheita og nåden. Langfredag hadde menneskemengda gjort Jesus til sitt offer: Han som kom for å vise menneska Gudskjærleiken sitt sanne ansikt, ofra menneska for langt mindre gevinstar: Kortsiktig fred og ro kanskje, eller for å halde på sine eigne posisjonar, makt og privilegiurm. For å sleppe å forhalde seg til denne insisterande mannen frå Nasaret, mild og pågåande som han var, sleppe å forholde seg til pratet hans om rettferd, oppgjer og nåde, og om fattigdom, svakheit og kjærleik?

Resultatet var grusomt: Jesus død på krossen. Dei som hadde gleda seg over han og over å vere i felleskapet rundt han, dei som kjent seg tiltrekt og oppglødd av det han sa, no sørga dei over han. Samtidig hadde frykta sett seg i dei: Kva skulle skje no? Var dei i fare sjølve? Eller var alt berre over no, tomt, mørkt og fullt at sorg?

Når dei kjem til grava, får dei med det same fleire teikn på at noko er kasta om på, noko er annleis og forandra: Den tunge steinen framfor gravhola er rulla bort. Det gav dei rett nok eit problem mindre, for korleis hadde dei eigentleg tenkt at dei skulle nå fram til Jesu kropp? Den allereie vekkrulla steinen gjer at grava er open, og det var ikkje noko godt teikn i seg sjølv: Kva skulle det vel bety? Det einaste det kunne bety, var vel at nokon hadde vore der før dei, hadde nokon tatt vekk Jesu kropp? Skulle ikkje ein gong kroppen hans få vere i fred? Kunne dei ikkje ein gong i døden la han vere? Skulle dei bli hindra sjølv i dette siste, tunge oppdraget: Å salve kroppen hans?

Vi veit jo ikkje kva dei rakk å tenke, og det er jo ikkje sikkert dei rakk å tenke så mykje heller? Vi heller gjer vel ikkje det, når vi er aller mest overvelda, aller mest redde, aller mest forvirra? Dei går inn, dei finn ikkje Herren Jesu kropp, og dei veit ikkje kva dei skal tru.

Her startar altså den store, kristne påskebodskapen: I tomheita, i forvirringa, hos rådville kvinner som ikkje veit kva dei skal tru. Ho startar der vi menneske ofte finn oss sjølve. Påska startar ikkje i triumf, i vissheit, i seier, i glede: «Han er ikkje her…..» Nei, Jesus er ikkje her; men det er jo problemet?!

Men framhaldet frå dette nullpunktet sprenger alle grenser. For her veks den dristige, umoglege, storslåtte påsketrua seg fram: Han er stått opp! Han er ikkje lenger her, for han har gjort noko ingen andre kunne gjere, stått opp. Han som vart ofra på langfredag, han som makta og menneska gladeleg ofra, han vender tilbake til livet!

Dette er Guds store og gode dom over all urettferd, over all utøyeleg maktbruk, over all vilje til å rive ned andre for å lyfte seg sjølv opp, over all fornedring, over all kulde og egoisme, over alle våpen retta mot dei minste og svake. Dette er Guds store NEI til menneska si vilje og evne og trong til å gjere andre til offer for vår eiga sak, for våre planar, for vår vilje til makt. Dette er Guds NEI til alt som hindrar livet han ein gong skapte: Han reiser Jesus opp frå døden, som den einaste, den første, let han vinne over døden, for å møte oss igjen: Ikkje med straff, men med kjærleik, ikkje med hardheit, men med miskunn, ikkje med hevn, men med tilgjeving!

Og framleis, når vi ser langfredagen sine krefter herje i verda, når menneska reiser seg mot kvarandre, når makta får rå utøyla og utan omsyn, kan vi få sjå mot lyset frå påskedagen, og vite at dette ikkje skal vere det siste, det som skal få rå for alltid. Å vende seg mot lyset frå påskedagen, mot lyset frå den mørke, tome grava, mot Jesus Kristus, er ikkje ei fornekting av problema, av lidinga, av synda. Nei, desse realitetane kjem vi ikkje unna. Men påskedagen viser oss noko meir, noko større, noko som gjer at vi kan tru og håpe og elske, midt i denne verda, slik ho er: Guds store NEI til destruksjon og vondskap, Jesu sin siger over døden sine herjande krefter. Livet vant, dets navn er Jesus, skal vi synge litt seinare, som ein demonstrativ proklamasjon. Påskedag let oss sjå alle ting i eit nytt og stort lys og klart lys.

For på påskedag ser vi Gud si store og gode vilje for menneska, for heile skaparverket: Gud vil livet, Gud vil lyset, Gud vil reise opp den uskuldige, den som lid, Gud vil gjere heilt alt som er gått sund, Gud vil skape på nytt og gjere alle ting nye.

I dåpen får vi allereie no del i denne verkelegheita, denne framtida. Guds lys møter våre liv, vi får del i Jesu død og oppstode, vi får høyre til hos han som er sterkare enn døden og vondskapen. Dåpen knyter oss til Guds kjærleik og let oss leve våre liv i tillit til at det er denne kjærleiken som er den sterkaste som er; i tru på at sjølv om langfredagen sine krefter framleis rår i verda vår, så viser påskedagen oss kva som skal bli ståande til sist: Lyset og livet;  - for Gud reiser Jesus opp frå grava, i kjærleiken sin store triumf!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"