Søndagstankar 7.juni: Gud er alltid større!

Gud er både ikkje til å fatte, og han som gjer seg sjølv synleg for oss i mennesket Jesus. Vi kan ikkje ta bort noko av dette, av denne spenninga- då tek vi samtidig vekk noko av det som er kristen tru. Les kyrkjelydsprest Kristian Myklebust sine søndagstankar.

Publisert:

Foto: Lars Verket/Den norske kyrkja
Foto: Lars Verket/Den norske kyrkja

Eg har blitt meir og meir merksam på at det i den kristne trua vår er nokre spenningar. Spenningar er ofte noko vi vurderer som negativt: Spenningar i rygg og nakke er vondt og plagsamt. Spenningar i relasjonar kan vere krevjande og vanskeleg. Men når det gjeld trua vår, tenker eg heller at vi har nokre spenningar som skal vere der. Dei er så og seie innebygde i trua, og vi skal ikkje prøve å få dei til å forsvinne.

Dei kristne vedkjenningane frå oldkyrkja held fast på to viktige sider ved trua, samtidig. Dei seier at Gud både er eit mysterium, noko vi ikkje kan fatte, noko som overgår vår evne til å førestille oss og forstår. Samtidig seier dei: Gud har vist seg for oss menneske. Gud har gjort seg sjølv mogleg å kjenne og ha fellesskap med. Gud har vorte menneske.

Gud er både ikkje til å fatte, og han som gjer seg sjølv synleg for oss i mennesket Jesus. Vi kan ikkje ta bort noko av dette, av denne spenninga- då tek vi samtidig vekk noko av det som er kristen tru. Her er både- og. Her er ei innebygd spenning.

«For eit djup av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud!» utbryt Paulus i brevet til Romarane. «Kven kjende Herrens sinn og kven var rådgjevaren hans?» Kan hende tenker vi på Paulus som ein som veit, som kjem med klar og direkte kunnskap om Gud. Men Paulus visste, på djupet, at Gud er eit mysterium.

Vi kjem aldri til botns. Vi har aldri kontrollen på Gud. Gud er fri og ikkje til å fange. Dersom vi tenker at «No har vi Gud, heilt sikkert» - då er det ikkje Gud vi har, berre vårt eige vesle bilete av Gud.» Gud er alltid større» er ei utsegn frå den tidlege kyrkja som vi skal ta vare på: Gud er Gud, vi er menneske. At Gud er stor gjer ikkje menneska små, tvert i mot- vi er skapte i den heilage og nådige Gud sitt bilete til å leve i hans verd, med ansiktet vendt mot Kjærleiken som gir liv.

Det aller djupaste mysteriet er likevel at Gud vel å vise seg for oss: At Gud møter oss! At Gud vert menneske!! Vi menneske kan ikkje skjøne Gud eller fortene Gud eller få Gud til å verte synleg. Men Gud sjølv kan vise seg for oss.

Når vi lurer på kva Gud er, kven Gud er, korleis Gud er, så er den kristne kyrkja sitt dristige og spenningsfulle svar: Sjå på Jesus! Sjå på livet hans, døden hans oppstoda hans! Lytt til orda hans! Legg merke til kva han gjer! Ein kjem ikkje fram til dette gjennom riktig tenking eller gjennom å vise særlege moralske kvalitetar. Det er Gud sjølv som let oss sjå og som opnar oss til å leve i tru på at det er slik det er: at Gud er større enn alt og meir enn vi fattar; likevel kjem han nær oss, likevel gir han seg sjølv til oss.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"