Velkommen som konfirmant 2025/2026

Med dette vert du invitert til å vere med på konfirmasjonstida i Askvoll for året 2026 - 2027 med konfirmasjonsgudsteneste på vårparten neste år. Vi håpar du har lyst å vere med! Elektronisk påmelding heilt nedst på sida.

Publisert:

Konfirmantkapper prøves av konfirmanter

Med dette vert du invitert til å vere med på konfirmasjonstida i Askvoll for året          2026-2027 med konfirmasjonsgudsteneste på vårparten neste år.
Vi håpar du har lyst å vere med! 😊


Som konfirmant vert du betre kjend med oss som arbeider i kyrkja og kyrkjelyden. Men vi
ønskjer aller mest at du skal bli betre kjend med Jesus Kristus. Vi vil fokusere på dei ”STORE” spørsmåla; om Gud, om trua og mennesket, livet og døden. Dessutan vil vi diskutere mange etiske tema og dei vala vi gjer i livet. I løpet av konfirmasjonstida skal vi gjere og vere saman om mange ting. Her er mange datoar å merke seg, set dei av i kalendaren allereie no!

 

Dei vanlege samlingane med undervisning er i Askvoll kyrkje.

 

Til hausten samlast vi desse dagane:        

Til våren samlast vi desse dagane:

Onsdag 26. august kl. 17.30-19.00.

Onsdag 13. januar kl. 17.30-19.00.

Onsdag 23. september kl. 17.30-19.00.

Onsdag 17. februar kl. 17.30-19.00

Onsdag 14. oktober kl. 17.30-19.00.

Onsdag 03. mars kl. 17.30-19.00

Onsdag 18. november kl. 17.30-19.00.

Onsdag 10. mars kl. 17.30-19.00

(øving til fasteaksjonsgudsteneste)

 

Onsdag 14. april kl. 17.30-19.00

 

Leir/ Hausttreff:

16-18. oktober, fredag til søndag, skal konfirmantane reise på helgetur saman til Hausttreff på leirstaden Nesholmen i Gloppen.   

Fasteaksjonsgudstenesta, som alle konfirmantane i Askvoll sokn medverkar på, vert søndag 14. mars kl 17.45 i Askvoll kyrkje. Den er med på å starte fasteaksjonen (14.-16. mars), som er ein dør-til-dør-aksjon der konfirmantane samlar inn pengar til Kirkens nødhjelp. Konfirmantane kan velje om dei vil gå med bøsse måndag 15., eller tysdag 16. mars.


I løpet av året må du, som konfirmant, delta på til saman ti gudstenester. Dei obligatoriske gudstenestene som presentasjonsgudsteneste, lysmesse, fasteaksjonsgudsteneste og konfirmasjonsgudsteneste, tel med som fire av desse ti gudstenestene. I nokre av desse gudstenestene er konfirmantane med som med-liturgar saman med presten. Dei song- og musikkglade konfirmantane kan òg bidra musikalsk på gudstenestene. Kanskje du har lyst til å synge eller spele på di eiga konfirmasjonsgudsteneste?

 

For å bli konfirmert, må ein vere døypt. Konfirmantar som ikkje er døypt, kan bli døypt i løpet av konfirmasjonstida. Viss dette er aktuelt, berre ta kontakt med oss.

 

Eigenbetaling for konfirmantåret er kr 1500,-. Dette er med og dekkjer utgifter til aktivitetar og konfirmanthelg.

 

Skal opplegget fungere, krevst det at kvar konfirmant er villig til å gå inn for å få mest mogleg ut av konfirmasjonstida, og å fylgje opplegget så langt som råd. Alle samkomer er obligatoriske. Om det skulle henda at ein ikkje kan møta, skal det gjerast avtale mellom foreldre/føresette og konfirmantleiarane.

 

Til hausten er det desse søndagane:

gudsteneste med konfirmantpresentasjon               Lysmesse

23. august         kl.11.00 i Kvammen kapell

22. november       kl.11.00  Vilnes kyrkje

23. august         kl 14.00 i Holmedal kyrkje

22. november      kl.14.00 Askvoll kyrkje

30. august         kl.11.00 i Vilnes kyrkje

29. november     kl. 11.00 Kvammen kapell

30. august         kl.14.00 i Askvoll kyrkje

06. desember     kl.10.15 Bulandet kapell

06. september   kl.10.15 i Bulandet kapell

06. desember    kl.15.00 Holmedal kyrkje

 

KONFIRMANTPRESENTASJON OG FORELDREMØTE

Dei konfirmantane som høyrer til desse gudstenestestadene, møter på desse tidspunkta.
Konfirmantar frå Stongfjorden vel sjølv om dei møter i Kvammen, Holmedal  eller Askvoll,
og dei frå Værlandet møter i Bulandet.

 

Etter kvar gudsteneste med konfirmantpresentasjon, vert det halde eit foreldremøte for dei tilhøyrande i den aktuelle kyrkja.

 

Konfirmasjonsgudstenestene våren 2027 er sett opp slik:

Kvammen kyrkje     laurdag 24. april kl 10.00

Vilnes kyrkje             laurdag 24. april kl 13.30

Holmedal kyrkje       søndag 25. april kl 11.00

Bulandet kapell         laurdag 01. mai  kl 10.00* Viss det vert konfirmasjon

Værlandet kapell      laurdag 01. mai  kl 12.00*Kan endre til 11.00 om berre konfirmasjon i Værlandet

Askvoll kyrkje          søndag 02. mai   kl 11.00

 

Vi ser fram til å bli betre kjent med deg! Velkommen som konfirmant 2026-2027.

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål.

 

Beste helsing

Kyrkja i Askvoll

Kontaktinformasjon for Askvoll sokn

Besøksadresse:  

Askvoll sokn
Askvollvegen 398
6980 Askvoll

Postadresse:

Postboks 14
6988 Askvoll

 

                                                                                                           

 

Tlf.: 91874724

E-post:  post.askvoll@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"