Velkommen til små og store, unge og godt vaksne, åleine eller heile familien!
Velkommen til deg som er innom kyrkja og Noa ofte, og til deg som sjeldan eller aldri har vore her!
Ytre Arna sokneråd og Noa open barnehage inviterer til generasjonsmiddag i kyrkjelydshuset. Menyen denne gongen er risengrynsgraut, julekringle og kaffi. Maten er klar kl. 14.00. Du kan koma og gå når du vil.
Me ønskjer at middagen skal vera for alle uansett økonomi. Men sidan me ikkje lenger får stønad utanfrå til dette prosjektet, hadde det vore fint med eit bidrag på kr. 20 per person for dei som har høve til det. Dette vil hjelpa godt slik at me kan halda fram med desse kjekke samlingane. Vipps: 794835 og vel "Noa - Generasjonsmiddag".
Neste middag blir 27. januar.
